Irene Ullensvang (t.h.) fortalte politikarane i tenesteutvalet om den pågåande tilsynssaka om Borgafjell barnehage.
Irene Ullensvang (t.h.) fortalte politikarane i tenesteutvalet om den pågåande tilsynssaka om Borgafjell barnehage.

Politisk diskusjon om Borgafjell barnehage

Politikarane var ueinige om foreldregruppa i Borgafjell barnehage er samstemte i sin kritikk, eller om det finst ein stille majoritet som stort sett er nøgde.

Ein time sette tenesteutvalet av til den pågåandetilsynssaka med Borgafjell barnehage. Kommunalsjef Line Rye innleidde med å oppfordra politikarane til ikkje berre å få avklara spørsmål dei sit med, men også å tenkja på korleis dei kommuniserer om saka.

– Det har versert eit ganske stortpress blant folk og i media om at kommunen bør ta over drifta, eller at kommunen bør gjera meir. Men Os kommune har ikkje høve til å ta over drift av barnehagen så lenge det er ein annan eigar der med mandat til å drifta. Eg har lyst å be politikarane vera med og klargjera kva rolle me kan ha som kommune ut i lokalsamfunnet, sa Rye. Ho viste til at kommunen her lover og reglar å forholda seg til i tilsynssaka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan ikkje forholda seg til synsing

Barnehagefagleg ansvarleg, Irene Ullensvang, understreka også at ho var nøydd å halda seg strengt til fakta.

– Eg kan ikkje forholda meg til «føler at», «eg har høyrt», eller «meiner at», eg kan berre halda meg til fakta. Viss ikkje, har me ingen tillit til eigarane. Dei må kunna stola på at me gjer jobben vår. Me baserer heile dette feltet på krav og forventningar, men også på tillit. Administrasjonen har ikkje lyst til å bidra til meir uro fordi me opptrer uklokt, sa Ullensvang.

Ho hadde telt 25 presseoppslag sidan november, og ho karakteriserte det som i hovudsak negativ pressedekning.

– Midt oppi det verkar det kanskje som om administrasjonen er passive når me ikkje går ut og meiner her og der. Men me må tenkja på vår rolle, og jobba oss framover i tråd med det regelverket me har. Me kan ikkje driva med saksbehandling i media, sa ho.

– Lova er for romsleg

I tilfellet Borgafjell barnehage er det avdektto av tre moglege lovbrot i det no pågåande tilsynet. Ullensvang forklarte at kommunen først kan vurdera økonomiske sanksjonar eller andre verkemiddel først etter ein omfattande prosess.

– Viss ein bruker økonomiske reaksjonar vil barnehagen etterprøva det, og krevja at kommunen dokumenterer kva som gjev ein lov til å gjera nettopp dette. Difor er det svært få kommunar som gjer det – barnehagane sin rett står svært sterkt i lovverket, sa ho.

Lova krev t.d. at det pedagogiske tilbodet skal vera godt nok, men kva som er godt nok er ikkje definert nokon stad. Lova seier at ein barnehage kan ha eit rimeleg årsresultat, men kva som er rimeleg er heller ikkje definert. Dermed er det nærast uråd å prova at ein gitt barnehage ikkje opererer i tråd med lova.

– Her er det rom for tolking i alle verdas endar. Eg kan ikkje seia anna enn at eg likar barnehagelova, men ho er kanskje litt vel romsleg, sa Ullensvang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho viste mellom anna til at av økonomiske tilsyn rundt om i landet har berre 17 av 278 kommunar gjennomført dette, og berre ein kommune har fått medhald hjå Fylkesmannen.

– I alle dei andre sakene har altså barnehagen fått medhald, sa Ullensvang.

Klagar på forbrukarrådet

I januar fekk Os kommune kritikk frå foreldre for å ha råda dei til å klaga vidare til forbrukarrådet dersom dei ikkje følte at dei fekk det dei betalte for hjå Borgafjell barnehage. Forbrukarrådet svarte at dei ikkje tok i den typen saker, og viste foreldre vidare.

– Dette var eit råd me fekk av tilsette hjå Fylkesmannen, og det formidla me vidare. Men når me fekk høyra at det var eit dårleg råd, melde me tilbake til Fylkesmannen at det var dumt at me får forslag om å gje slike råd, sa Ullensvang.

Fylkesmannen har difor sendt brev til Forbrukarrådet der dei ber om ei forklaring. Dei har nemleg sjølvlagt ut på eiga nettside at foreldre kan klaga på barnehagen dersom dei føler at dei ikkje får det tilbodet som er lova, ut frå ein dom i Aust-Agder tingrett.

– Det stadfestar for meg at me ikkje var heilt på jordet då me gav dette rådet. Eg ventar spent på svaret frå Forbrukarrådet. Kvifor dei seier to heilt forskjellige ting, sa Ullensvang.

Ap: Har borna den tida kommunen brukar?

Elles sa ho at det var fleire hundre sider med papir dei no er i ferd med å gjennomgå, og dette arbeidet blir først ferdig om cirka ei veke.

– Difor vil eg ikkje seia noko om sjølve tilsynssaka i dag. Me står midt oppe i det, og me kan ikkje synsa og skapa meir uro. Om ei veke er me ferdige med dokumentasjonen. Det betyr ikkje at alt er i orden då – slike saker kan ta tid, og me må ta den tida som trengst, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikarane skrytte av at administrasjonen hadde opptredd profesjonelt i saka. Men Gisle Hesjedal (Ap) var usikker på om det tidsaspektet Ullensvang såg for seg, ville gje resultat raskt nok.

– Eg er ein av dei som har vore ute i media og uttalt meg. Det som bekymrar meg er om det går fort nok. Månadene går fort når du skal gjennom fleire rundar med svar og tilsvar, og klagesaksbehandling. Heile den formelle prosessen som kommunen må forholda seg, til tek lenger tid enn kva borna har, sa Hesjedal.

Han meinte difor at kommunen burde tilby seg å kjøpa ut noverande eigar, sjølv om svaret på dette måtte bli nei frå kommunen.

Frp: – Biletet er ikkje så eintydig

Eirik André Hesthamar (Frp) meinte at biletet som var teikna i media av Borgafjell barnehage var for eintydig.

– Det er ikkje foreldre til 120 born som har stått fram i media. Du har ei massiv foreldregruppe der oppe, og det er ikkje alle dei som held ungane sine heime. Foreldregruppa der oppe er splitta, og det er også ei splitta gruppe tilsette. Difor har me ingen absolutte svar på kva som er problemstillinga der oppe. Eg skulle ønska alle partane ville ta eit steg tilbake og tenkja om dei ikkje burde senka konfliktnivået litt, sa han.

Siren Tømmerbakke (Sp) viste tiloppslaget i Os og Fusaposten tysdag om at Borgafjell barnehage no har meldt seg ut av PBL, og at viss dei ikkje hadde gjort det ville PBL ha vurdert å ekskludera barnehagen.

– Er ikkje det eit ganske tydeleg signal som viser eit klart bilete av situasjonen i barnehagen, spurde ho.

Hesthamar svarte at det ikkje var tydeleg kvifor barnehagen hadde valt å melda seg ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Barnehagen har ikkje uttalt seg kvifor dei gjorde det, og alt me har fått vita er PBL si grunngjeving. Difor meiner eg framleis at me ikkje har noko eintydig signal, sa han.

Utvalsleiar Emil T. Brimsholm (H) sa at han meinte Ullensvang sine ord om å halda seg til fakta var kloke ord også for politikarane å lytta til.

Gisle Hesjedal var einig i at det ikkje var heilt eintydig, men sa også at han aldri kunne hugsa å ha høyrt om at ein barnehage blir vurdert ekskludert av PBL.

Irene Ullensvang ville ikkje gå inn i den konkrete saka, men sa at det ikkje var noko krav at alle barnehagar må vera medlem av bransjeorganisasjonen.

Nytt dialogmøte i dag

Line Rye sa at i tillegg til tilsynssaka brukar kommunen også andre verkemiddel. Mellom anna er kommuneoverlegen inne i biletet, og frå det haldet blir det jobb med ein rapport. Vidare blir det ført dialogmøte mellom kommunen og barnehageeigar.

– Det er viktig å understreka at me har fokus på borna og tidsaspektet oppi dette. Me brukar difor alle verkemiddel me har. Me har invitert til eit dialogmøte i dag igjen, og barnehagen har sagt ja til å koma. Dei stiller når dei blir bedne om det, og svarer ut frå sitt perspektiv. Me understrekar frå vår side at me forventar at det skal ryddast opp i, og at det no har teke veldig lang tid, sa Rye, om saka som i alle fall strekkjer seg tilbake til oktober i fjor.

ol@osogfusa.no