annonse

Populær turmarsj feirar 25 år på søndag

Sesongopning
Sesongopning: Fredag er det sesongopning på Lysøen. Søndag går Lysøen Rundt av stabelen. (Foto: Berit Høgheim)

Fredag opnar dørene til Ole Bulls villa, og på søndag går Lysøen Rundt av stabelen for 25. året på rad.

Benjamin Søgnen Olsen

– Vi er klare til å opna dørene til ein ny sesong på eventyrøya til Ole Bull, seier kommunikasjonsrådgjevar i KODE, Anette Basso og held fram:

– Lysøen Rundt er blant sesongens høgdepunkt. Turmarsjen plar samla mange menneske på Lysøen, eigentleg uansett vêr–men vi håpar sjølvsagt på gode forhold og prognosane ser ikkje så verst ut.

Ny rekord?

Vidare fortel Basso at turmarsjen har vore like populær heile vegen, med mellom 400 til 1.000 deltakarar kvart år.

– Rekorden er tett oppunder 1.000 deltakarar. Vêret kan spela inn, men folk er flinke til å møta opp uansett. Som sagt, ser det ut til å bli bra turvêr på søndag. Vi håpar på sol, seier ho.

– Og ny rekord?

– He-he. Vi får sjå, alle er i alle fall velkomne, seier Basso.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut