Solfrid Vernøy (f.v.), Elisabeth Nedrelid, Anette Kleppe og Endre Brenne... Sjå også neste bilete...
Solfrid Vernøy (f.v.), Elisabeth Nedrelid, Anette Kleppe og Endre Brenne... Sjå også neste bilete...

Prisa for pensjonist-samarbeid

Os Turn fekk pris for årets pensjonisttiltak og er ny ambassadør for Eat Move Sleep.

– Hurra, vi vann prisen for årets pensjonisttiltak, jublar Elisabeth Nedrelid.

Ho er ein av eldsjelene i Os Turn og har i helga delteke på Kick Off for Eat Move Sleep på Ullevaal stadion. Frå Os deltok også Tore og Anette Kleppe, Endre Brenne og Solfrid Vernøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idrettslaget fekk skryt for sitt gode samarbeid med Os pensjonistforening og arbeidet retta mot dei eldre i kommunen. 

Nedrelid kan også fortelja at Os Turn er valt ut som ny ambassadør for Eat Move Sleep.

– Vi kjem tilbake med meir informasjon om kva det vil innebera, seier ho. 

For nederst i biletet ligg nemleg den eminente Tore Kleppe og slangar seg. Like nøgd som dei andre.
For nederst i biletet ligg nemleg den eminente Tore Kleppe og slangar seg. Like nøgd som dei andre.