Christian Fotland ser at den nye kommunen kan få 100 mill. kroner mindre å rutta med.
Christian Fotland ser at den nye kommunen kan få 100 mill. kroner mindre å rutta med.

Rådmannen fryktar at Bjørnafjorden kommune mistar 100 millionar

Bortfall av eigedomsskatt, Oppgradering på Luranetunet og lågare folkevekst er nokre av årsakene. Kutt i tenestene kan bli naudsynt.

I kommunestyret i kveld utfordra Laila Reiertsen (Frp) rådmannen på kva den relativt store investeringsutgiftene både i Os og Fusa vil få å seia for økonomien i den nye kommunen. Ho viste mellom anna tiltilbakemeldinga frå Fylkesmannen til Fusa kommune knytt til budsjettet for 2018 om dette emnet.

– Kva tankar gjer rådmannen seg i lys av uttalen frå Fylkesmannen? spurde ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Uroleg og bekymra

Rådmann Christian Fotland, i eigenskap av å vera prosjektansvarleg for kommunesamanslåinga, svarte at han var uroa. Han viste til at Fusa kommune har auka sine investeringar tydeleg etter at vedtaket om samanslåing var fatta, samtidig med at Os har eit høgt investeringsnivå.

– Ser du på økonomien til prosjektet Bjørnafjorden kommune, så er eg uroleg og bekymra. Fusa har eit fond på mellom 4 og 10 mill. kroner, og det er det dei har på fond. Os kommune har mykje pengar på bok, i alle fall over 300 mill. kroner, og det vil vera heilt naudsynt i den fasen me går inn i, innleidde rådmannen.

100 mill. kroner mindre

Bortfall av eigedomsskatt utgjer eit tap av inntekter på cirka 30 mill. kroner. Innfasing av nye sjukeheimsplassar på nye Luranetunet utgjer nærare 40 mill. kroner. Mykje tyder på at overføringane frå staten vil bli lågare, særleg pga. mindre veksttilskot når samanslåinga gjev prosentvis mindre vekst. Dette beløpet utgjer 14–15 mill. kroner per i dag for Os kommune.

– Ei heil rekkje faktorar gjer at me nærmar oss 100 mill. kroner mindre å rutta med enn det me har i dag, sa rådmannen.

Det kan bli kutt i tenestene

Han viste til to moglege måtar å løysa dette på. Den eine måten vil vera å ta denne økonomiske utfordringa over fleire år slik at me utjamnar kvalitetsnivået på tenestene over 3–5 år. Då må me tæra på reservane til Os, sa Fotland.

Viss ikkje det blir gjort på denne måten, er alternativet å gå meir drastisk til verks.

– Det andre alternativet er å brått seia at det må kuttast. Økonomien er i ein slik tilstand at ein må gjera slike grep, sa rådmannen. Han understreka at dette berre var spekulasjonar på dette tidlege tidspunktet, og at utfordringa vil hamna meir handfast på kommunestyrets bord i haustens budsjettrunde. Då skal det lagast eit fiktivt budsjett for den nye kommunen, som får desse utfordringane tydlegare fram.

– Då vil me få på bordet at me vil få ei økonomisk utfordring på bordet som kommunestyret i Os – i denne perioden i alle fall – har vore skåna for å måtta gjennomføra. Me må håpa at me klarer å gjera dette utan å kutta, og at me heller justerer tenestenivået over tid, sa Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no