Chase Jordal (Sp) og Mari Kjellesvik (Ap) vart største parti i skulevalet ved Fusa vidaregåande skule.
Chase Jordal (Sp) og Mari Kjellesvik (Ap) vart største parti i skulevalet ved Fusa vidaregåande skule.

Raudgrønt fleirtal på Fusa vidaregåande

Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart dei to største partia i mandagens skuleval.

Med høvesvis 24,7 og 23,8 prosent av røystene er Arbeidarpartiet og Senterpartiet jamstore og klare vinnarar over høgresida. Noko reint fleirtal har dei likevel ikkje utan SV sine 4,7 prosent.

Ytst på venstrefløyen finn vi Rødt med 1,7 prosent, men er nok ing

Artikkelen held fram under annonsen.

Framstegspartiet tok 14,9 prosent medan regjeringspartnar Høgre er like under med 12,3 prosent. Sjølv med støtte frå Venstres 4,7 prosent og Krfs 2,1 prosent kjem dei ikkje opp i meir enn 34 prosent.

MDG endar også på 4,7 prosent og er med det nett like store som SV og Venstre.

Liberalistane er størst av dei tradisjonelle småpartia med 3,8 prosent.

Fusa vidaregåande)
Fusa vidaregåande)

Piratpartiet fekk 1,7 prosent medan Helsepartiet og Kystpartiet fekk 0,4 prosent kvar.

For fullstendig oversikt, sjå søylediagram i biletserien.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no