annonse

Rekordmange førehandsrøysta

Mange røysta tidleg
Mange røysta tidleg: Stadig fleire vel å røysta før sjølve valdagen. (Foto: Øystein Lid)

Aldri før har så mange osingar valt å røysta før sjølve valdagen. Os ligg også over landssnittet.

Øystein Lid

Simen Soltvedt i Os kommune opplyser at 4.298 personar valde å stemma før 11. september. 
– Det er ganske solid auke frå 2013, då 3.165 personar valde å gjera det same, seier Soltvedt.

I 2013 var det 12.633 røysteføre. Rundt 25 prosent av desse valde den gongen å røysta tidleg. 

I år har talet røysteføre osingar stige til 13.842. Det tyder at 31 prosent av dei røysteføre førehandsrøysta. I 2013 var valframmøtet i Os på 80,9 prosent. Dersom ein går ut frå at det blir tilsvarande oppmøte i år, vil førehandsrøystene utgjera 38 prosent av det samla røystetalet.

Kvar fjerde røyst i Fusa

I Fusa røysta 705 personar før fredag. Nokre seint innkomne er ikkje tekne med i dette talet, og vert talde opp etterkvart. Totalt røysteføre i Fusa er 2792 personar.  Rundt 25 prosent var dermed førehandsrøyster i Fusa.

Ein nasjonal trend

ABC Nyheter kunne melda på laurdag at over ein million nordmenn førehandsrøysta, eller 27,3 prosent av dei røysteføre i landet. Dermed vart rekorden frå 2013 galant slått også for landets vedkomande. Valforskar Anders Todal Jenssen uttaler til avisa at det ikkje nødvendigvis tyder på høgare valdeltaking totalt sett.
– Eg trur rett og slett mange ser det som praktisk, uttaler han. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.