Innbyggjarane i Bjørnafjorden kan velja om dei vil førehandsrøysta på kommunehuset i Eikelandsosen eller på rådhuset i Os.
Innbyggjarane i Bjørnafjorden kan velja om dei vil førehandsrøysta på kommunehuset i Eikelandsosen eller på rådhuset i Os.

Rekordmange har røysta tidleg

Åtte gongar så mange som i Stortingsvalet for to år sidan har benytta seg av mogelegheita til å «tidlegrøysta».

«Tidlegrøysting» er retta mot studentar, og andre som er heime i heimkommunen på sommarferie. I Bjørnafjorden kommune, som i resten av landet, starta moglegheita for å «tidlegryøysta» 1. juli.

«Tidlegrøystinga» vart avslutta fredag klokka 15.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frå måndag er det det vi kallar ordinær førehandsrøysting som gjeld, opplyser Marianne Kramer, leiar av valsekretariatet, i ei pressemelding.

Kramer fortel om rekordstor deltaking under tidlegrøystinga. Heile 207 bjørnafjordingar har allereie gjeve røysta si anten i valet i Bjørnafjorden kommune, Vestland fylke eller begge.

– Til samanlikning var det 25 som gjorde det ved stortingsvalet for to år siden, fortel ho.

Slengjarar frå dag éin

Skilnaden på tidlegrøysting og ordinær førehandsrøysting er at ein ved tidlegrøysting normalt berre kan røysta på parti, ikkje på einskilde kandidatar.

– Slik var det for fylkestingsvalet, men for valet til Bjørnafjorden kommune fekk vi dei ordinære røystesetlane så tidleg at vi kunne ta dei i bruk også for tidlegrøystinga, opplyser Kramer.

Dei 207 veljarane har med andre ord kunne nytta seg av mogelegheita til å gje ekstra røyster, og føra kandidatar frå eitt parti på lista til eit anna, såkalla slengjarar, frå første stund.

Os eller Eikelandsosen?

Når den ordinære førehandsrøystinga startar måndag, er også dei ordinære røystesetlane til fylkestingsvalet på plass.

I Bjørnafjorden kommune er det to stader ein kan førehandsrøysta. På kommunetunet i Eikelandsosen og i kommunetorget på Os rådhus. Innbyggjarane kan førehansdrøysta i opningstidene til dei to kommunehusa. I tillegg vert det laurdagsope 24. og 31. august, og langope 29. august, samt 4. og 5. september.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å merka seg at ein kan førehandsrøysta der ein sjølv vil. Osingar kan røysta i Eikelandsosen og fusingar på Os, om det er det som passar best, seier Kramer og legg til:

– I tillegg kan ein røysta ved alle andre vallokaler i heile Noreg, men då berre på parti, om ein ikkje har tatt med seg eller fått tilsendt røystesetelen frå vener eller kjente i Bjørnafjorden.

Leiaren av valsekretariatet håpar på rekorddeltaking også framover i det historiske førstevalet for Bjørnafjorden kommune.

camilla.kvamme@osogfusa.no