Rema 1000 får ikkje fornya leigeavtalen som strekk seg ut 2018. I staden har huseigar Dagfinn Askvik skrive avtale med NorgesGruppen.
Rema 1000 får ikkje fornya leigeavtalen som strekk seg ut 2018. I staden har huseigar Dagfinn Askvik skrive avtale med NorgesGruppen.

Rema 1000 blir erstatta med Kiwi

I Idrettsvegen har det vore Rema-butikk i 29 år. No har huseigar Dagfinn Askvik skrive leigeavtale med NorgesGruppen.

– Min agenda er at det skal vera ein butikk i lokalet i lang, lang tid framover, og eg har kome fram til at NorgesGruppen var det beste alternativet, seier Askvik.

– Korleis kom NorgesGruppen inn i biletet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde samtaler med Rema om fornying av leigekontrakten. Forhandlingane førte ikkje fram, så eg tok kontakt med NorgesGruppen – som eg har samarbeidd med tidlegare – og dei var positive frå første sekund. Eg trur at den nye butikken kjem til å vera minst like populær som butikken som er der no, seier Askvik.

Huseigaren legg til at han har medkjensle med dei tilsette som har fått varsel om at Rema-butikken skal stengja og at dei må sjå seg om etter arbeid.

– Det er keisamt for dei tilsette. Klart det. Eg håpar at dei kanskje kan få seg jobb i den nye Kiwi-butikken som kjem.

Slutt etter 29 år

Regionsdirektør i Rema, Arild Remme, fortel at dei ønskte å få til ein ny leigeavtale.

– Vi har forsøkt å forhandla heilt til vi fekk ei oppseiing av avtala frå huseigar. Det er forferdeleg synd for Ingunn, Trond og dei tilsette, seier Remme.

Det er ekteparet Ingunn og Trond Hope som driv dei to Rema-butikkane i Os. Trond fortel at det kom som eit sjokk at leigeavtala ikkje blir forlengja.

– Det har vore fornying av leigeavtalen kvart tiande år. Dei brikkene har alltid falle på plass. For oss kom det som ei stor overrasking og eit sjokk at det ikkje gjorde det no. Det er ikkje mykje vi kan gjera med det, seier Trond Hope.

Vidare fortel Hope at han og kona Ingunn, har drive Rema 1000-butikken i Idrettsvegen i 27 år, og at butikken har vore der i 29 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I alle år har vi hatt sunn drift. Tala for 2017 er ikkje heilt klare enno, men også dei kjem til å visa sunn drift. At det no er slutt, er keisamt for dei tilsette, men også for Ingunn og meg som blir tvungne til å seia opp så mange flotte tilsette.

I den andre Rema-butikken som Trond driv, er det fullt opp med tilsette. Likevel vil nokre av dei 15 tilsette i Rema-butikken i Idrettsvegen få tilbod om jobb.

– Vi veit ikkje kor mykje av omsetnaden vi klarer å flytta til den andre Rema-butikken. Det er ein del moment som vi er usikre på, men nokre av dei skal vi kunna tilby jobb. Vi vil prøva å få flest mogleg av dei andre ut i andre butikkar, men så spørst det også kor mange som er villige til å flytta på seg. Den nærmaste butikken ligg i Nesttun-området.

Må gjerast ein jobb med lokalet

Regionsdirektør i NorgesGruppen, Edvin R. Nilsson, stadfestar at dei har signert ein avtale med huseigar Dagfinn Askvik, og at det kjem ein ny Kiwi-butikk i Os.

– Vi har signert ein leigeavtale på ti år, seier han.

– Det blir sagt at det er naudsynt å oppgradera lokalet ein del. Kva tid ser de føre dykk å opna den nye Kiwi-butikken?

– Eg ønskjer ikkje å gå så mykje i detalj om kva som må gjerast, men det er tilfelle at det butikken må oppgraderast. Det er berre naturleg at det må gjerast ein jobb når det skal koma ein ny butikk i lokalet. Dei som leiger har kontrakt ut året, så i utgangspunktet ser vi føre oss å opna butikken i starten av 2019, seier Nilsson.