Ap supplerte vallista si med Richard Markhus (t.h.) frå Eikelandsosen på eit møte tysdag. Her i lag med ordførar i Fusa, Atle Kvåle, og ordførarkandidat Trine Lindborg.
Ap supplerte vallista si med Richard Markhus (t.h.) frå Eikelandsosen på eit møte tysdag. Her i lag med ordførar i Fusa, Atle Kvåle, og ordførarkandidat Trine Lindborg.

Richard Markhus frå Sp via uavhengig til Ap

Bjørnafjorden Arbeidarparti har fått ein ny mann på lista til haustens val.

Ap supplerte vallista si med Richard Markhus frå Eikelandsosen på eit møte tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi er stolte og glade for at Arbeidarpartiet blei Richard sitt val, og vi er strålande nøgde med å ha fått han på vårt lag, seier ordførarkandidat Trine Lindborg.

Markhus representerte Senterpartiet i kommunestyret i Fusa i tre år og tre månader. Men 14. desember i fjor, dagen etter eit kommunestyremøte, var det slutt.

– Eg hadde ein mage i skikkeleg opprør, sa Markhus den gongen, og vedgjekk at saka om Jettegryto barnehage var ein medverkande årsak til at begeret flaut over.

– Eg har mine fanesaker. Idretten, oppvekstvilkår for born og unge, skular og barnehagar er ting som betyr noko for meg, sa Markhus og la til at det omtalte kommunestyremøtet gjorde det veldig vanskeleg for han å halda fram i eige parti.

Han har sidan vore uavhengig i kommunestyret i Fusa, og no er han altså klar for vallista til Bjørnafjorden Ap.

jostein@osogfusa.no