Politiet fekk melding kring klokka halv sju fredag kveld. Kvinna skal ha blitt trua med kniv i heimen, og gøymd seg.
Politiet fekk melding kring klokka halv sju fredag kveld. Kvinna skal ha blitt trua med kniv i heimen, og gøymd seg.

Ringde politiet då sambuaren trua med kniv

Ei kvinne i Fusa kommune skal ha gøymd seg og ringt politiet då sambuaren trua ho med kniv. Politiet rykte ut væpna.

– Vi fekk melding kring klokka halv sju fredag kveld. Kvinna skal ha blitt trua med kniv i heimen, og gøymd seg, seier politibetjent Kjartan Svendsen.

Vidare fortel Svendsen at politiet alltid rykkjer ut med våpen i slike saker.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal ha oppstått fysisk konfrontasjon i forkant av truslane med kniv. Like etter klokka 19.00 blei ein rusa mann gripen utan dramatikk. Mannen blei køyrd til arresten i Bergen og avhøyrt laurdag. Det vart gjort beslag av narkotika på adressa.

I saker som omhandlar familievald er det ikkje naudsynt at ein av partane må melda den andre.

– I slike saker opprettar politiet melding. Både fornærma og mistenkte er avhøyrt og politiet jobbar vidare med etterforsking, fortel Svendsen.