Emil Heidal Haugland, Linn Kristin Vavatne og Eivind Vevatne gjorde det veldig bra i Osmeisterskapen i hopp denne veka.
Emil Heidal Haugland, Linn Kristin Vavatne og Eivind Vevatne gjorde det veldig bra i Osmeisterskapen i hopp denne veka.

Roarar med spenst

Os Roklubb deltok denne veka i Osmeisterskapen i hopp. Fleire hoppa seg til medalje.

– Me vil takka friidrettsgruppa til Os Turn for eit supert arrangement, og at vi får lov til å delta, seier rosjef i Os Rokubb, Eirik Vevatne.

Det er tredje året på rad at klubben stiller på dette arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arrangementet kom på eit tidspunkt der dei eldste roarane i klubben var opptekne med fysiske testar, så klubben stilte i år med litt få, men gode utøvarar, seier Vevatne.

Vann alle øvingane

Os Roklubb stilte med Emil Heidal Haugland og Eivind Vevatne i klassen for gutar 12 år.

Linn Kristin Vevatne deltok i klassen for rekrutt.

Det var veldig mange med i rekruttklassen, men Linn Kristin klarte seg supert. Ho persa i alle øvingane ho var med i.

Klubbkameratane Emil og Eivind konkurrerte i lengde, høgde og tresteg. Emil vann alle tre øvingane og fekk med seg tre gull. Eivind kom på andreplass i tresteg og høgde, og på tredjeplass i lengde.

– Oppsummert tok me med oss tre gull, to sølv og éin bronse. I rekruttklassen fekk alle deltakerne flotte medaljar. Som rosjef og trenar er eg stornøgd med innsatsen til våre unge deltakarar.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no