Osingar og tilreisande oppførte seg fint, også etter at torgfesten vart avrunda rundt midnatt.
Osingar og tilreisande oppførte seg fint, også etter at torgfesten vart avrunda rundt midnatt.

Roleg avslutning på dagen

Ut frå loggen til politiet i Os, gjekk torgfesten i Os sentrum fint føre seg.

– Nokre vart geleida til taxi av di dei var for fulle, men det var ingen som gjorde noko ulovleg, opplyser politibetjent Stian Sigbjørnsen.

Fredag føremiddag, i 11-tida, oppsøkte politiet i Os ein bustad i sentrum. Der vart det funne mindre mengder amfetamin og hasj, og ein mann i 30-åra vart meldt for forholdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 18 var patruljen på ei adresse i Strøno der det i løpet av den siste veka har vore bortteke ein del alkoholhaldig drikke.

– Vi var på staden for å sikra spor, fortel Sigbjørnsen.

Elles gjekk resten av kvelden med til å kontrollera nokre køyretøy, samt sjå til at feststemte osingar fekk ein god avslutning på dagen.