Det var med sinne og fortviling eg las oppslaget i Os og Fusaposten fredag 12. januar om Jofrid Gjelland Bakke som i fleire år har kjempa mot Fusa kommune for å få parkeringsløyve for forflytningshemma til si gamle og sjuke mor.
Det var med sinne og fortviling eg las oppslaget i Os og Fusaposten fredag 12. januar om Jofrid Gjelland Bakke som i fleire år har kjempa mot Fusa kommune for å få parkeringsløyve for forflytningshemma til si gamle og sjuke mor.

«Romslege» Fusa kommune

Etter at eg flytta for meg sjølv for 16 år sidan har eg måtta sloss mot alle såkalla hjelpeinnstansar som er i Fusa kommune, skriv Jorunn Vadlid Svellingen.

LESARBREV: Det var med sinne og fortviling eg las oppslaget i Os og Fusaposten fredag 12. januar om Jofrid Gjelland Bakke som i fleire år har kjempa mot Fusa kommune for å få parkeringsløyve for forflytningshemma til si gamle og sjuke mor. Men det undrar meg diverre ikkje.

Etter at eg flytta for meg sjølv for 16 år sidan har eg måtta sloss mot alle såkalla hjelpeinnstansar som er i Fusa kommune. Så eg har dyre røynsler for korleis det er å vera sjuk og hjelpetrengande her. At det i denne saka har vore uryddig sakshandsaming, undrar meg heller ikkje. Og slik det går fram av oppslaget i Os og Fusaposten, må søkjar ha vanskar med å bevega seg over noko lengde eller ikkje kunna gå samt ha eit særleg behov for parkeringslette for å få tilkjent slikt løyve. Etter det eg les kan eg ikkje skjøna anna enn at mor til Jofrid oppfyller desse krava.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit anna viktig moment burde vera at Jofrid ved å køyra mor si sjølv til Haukeland universitetssjukehus og til augelege i Bergen sparar Fusa kommune for mykje pengar i drosjeutgifter. Og kor mange gonger i året må mor til Jofrid inn til kontrollar?

Eg kan ikkje sjå at dette burde vera eit problem. Fusa kommune fremjar slagordet ”romsleg” om seg sjølv. Utifrå mine og andre sine røynsler som hjelpetrengjande har eg funne ei meir rett fortolking av dette:

R Rigid

O Omsynslaus

M Mangelfull

S Sviktande

L Lite løysingsorientert

E Ekskluderande for vansklegstilte

Artikkelen held fram under annonsen.

G Gniten på hjelp

Jorunn Vadlid Svellingen