Årets Osfest vart avvikla utan dei store problema, sett frå politiets si side. - Ros til arrangøren for god organisering, melder politiførstebetjent Rune Fimreite.
Årets Osfest vart avvikla utan dei store problema, sett frå politiets si side. - Ros til arrangøren for god organisering, melder politiførstebetjent Rune Fimreite.

Ros til Osfest

Politiet rosar Osfest for god organisering.

Årets Osfest vart avvikla utan dei store problema, sett frå politiets si side.

- Ros til arrangøren for god organisering, melder politiførstebetjent Rune Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natt til søndag vart rett nok ei dame køyrd bort frå Os sentrum av politipatruljen, og to menn i 20-åra vart fredag bortvist fra festivalområdet. Ein på grunn av dårleg oppførsel og den andre fordi han hadde kjøpt alkohol og gjeve til mindreårig.Ein mann i 20-åra vart også bortvist frå sentrum.

Men i det store og heile, ei godt gjennomførd festivalhelg.

Politiet gjennomførde denne helga også dokument- og promillekontroll i Irgenskrysset laurdag morgon. 36 bilistar vart kontrollerte. Ingen vart tekne med promille, og alle dokument var i orden. Fire fekk munnleg pålegg på grunn av manglande lys.

Politiet oppmodar den enkelte om å sjekka om alle lys på bilen er i orden i ei tid der det blir stadig tidlegare mørkt.

jostein@osogfusa.no