Naudetatane er på staden, i det som vert meldt som brann i einebustad på Furuflaten.
Naudetatane er på staden, i det som vert meldt som brann i einebustad på Furuflaten.

Røykutvikling i bustad - rykte ut med fullt mannskap

Os brannvesen rykte ut med fullt mannskap etter melding om røykutvikling i bustad på Søfteland.

Varabrannsjef Arne Monsen fortel at dei rykte ut med fullt mannskap, tolv i talet. Framme ved bustaden vart det sendt inn røykdykkarar. Dei fann ein elektrisk gjenstand som brann i eit  av opphaldsromma i huset.

- Det var mest røyk og lite flammar. Røykdykkarane fekk fjerna gjenstanden, fortel Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han opplyser at eit vindauge var i ferd med å sprekka, og det kunne blitt full overtenning på grunn av den store varmeutviklinga inne i huset.

Huseigar, som var heime åleine, melde sjølv frå om brannen.

Dette er den tredje brannen i området på relativt kort tid.

jostein@osogfusa.no