Rulla rundt på glatta

Klokka 09.00 fekk politiet i Fusa melding om at ein bil var gått rundt, og hamna i grøfta ved Russavika på Baldersheim.

– Bilen var på veg gjennom ein sving, hamna utanfor vegen, og gjekk rundt. Det var truleg glatt på staden, opplyser Vibeke Næss ved politiet sin operasjonssentral i Hordaland.

Bilen ligg no på sida litt utanfor vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politi, brann og helse er på veg til staden. Dei har vore i kontakt med føraren av bilen. Han skal ha eit kutt på armen. Førebels veit vi ikkje noko meir om skadeomfanget, sa Næss klokka 09.15.

Ifølgje politiet skal det berre ha vore éin person i bilen då uhellet fann stad.

– Vi har bestilt bergingsbil. Men det er litt køyreveg, så vi har ikkje fått noko tilbakemelding om korleis det har gått, er beskjeden frå politiet.

camilla.kvamme@osogfusa.no