Politiet kjem med råd til både russ og foreldre i russetida.
Politiet kjem med råd til både russ og foreldre i russetida.

Russetida: Dette vil politiet følgja særskilt med på

Politiet ønskjer å vera i forkant og førebyggja uheldige og straffbare hendingar. No kjem dei med råd både til russ og foreldre.

– Politiet har eit godt samarbeid med russen, og har hatt det i fleire år. Dei aller fleste har ei kjekk russetid, men for enkelte kan det gå gale. Politiet ønskjer å vera i forkant og gjera det vi kan for å førebyggja uheldige eller straffbare hendingar. Dei viktigaste til å førebyggja er likevel russen sjølv og deira foreldre, skriv Arne Lutro, leiar for stab for kommunikasjon i politiet.

Politiet følgjer med

Vidare skriv Lutro at årets russ verkar som reflektert og fin ungdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Samstundes ønskjer politiet å koma med nokre råd til årets feiring. Vi vil at alle skal få ei trygg og god russetid.

Dette følgjer politiet særskilt med på:

* Sal av narkotika til russen.

* Såkalla “rulling” kor mindreårige jenter er med på fest i russebussane.

* Ordensforstyrring og valdsbruk knytt til feiring.

* Rekruttering av ungdom som blir introdusert og prøver narkotika for første gong.

* Trafikkulukker.

* Seksuelle overgrep og valdtekter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Råd til russen:

* Ta eit tydeleg standpunkt mot narkotika før russetida. Ta kontakt med politiet dersom de treng råd eller hjelp. Dei aller fleste skulane og russebussane har ein eigen politikontakt.

* Ikkje bli overstadig rusa. Det set ein i ein sårbar posisjon kor ein kan bli utnytta seksuelt eller på annan måte. For å unngå det, ikkje bruk narkotika og ikkje drikk sprit.

* Pass på kva som blir delt i sosiale medium. Deling av andre personar krev samtykke. Det kan vera straffbart å dela krenkjande bilete.

* Ikkje ta med 1. og 2. klassingar på russebussane. I Bergen har politiet og russen ein eigen avtale om at berre ungdom over 18 år skal rulla.

* Russebilar/bussar: Følg trafikkreglane. Husk at sjåføren har eit sjølvstendig ansvar for tryggleiken. Politiet kontrollerer bilar og bussar ved uro eller klagar.

Råd til foreldre:

* Sjølv om barnet er myndig, er det framleis viktig at ein er der for dei.

* Ver tilgjengeleg på telefon heile døgnet.

* Vêr klar til å henta ungdomen dersom dei ber om det. Engasjer deg i det russen din gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Foreldre til 1. og 2. klassingar; ver merksam på at dei kan ønskja å vera med russen og rulla. Set tydelege grenser.