Over 300 menneske tok turen til grusplassen for å ta del i Barnas dag i fjor.
Over 300 menneske tok turen til grusplassen for å ta del i Barnas dag i fjor.

Salt Os smeller til med stort gratisarrangement

Det var over 300 som tok turen på Barnas dag på grusplassen ved Os ungdomsskule i fjor. Daniel Matthiesen i Salt Os håpar at like mange ønskjer å ta del i dagen i år også.

– 1. mai er ein dag som gjerne hamnar midt i alt. Ungane skal ikkje på skulen og alt er stengd. Vi ønskte difor å koma med gratistilbod. Arrangementet er ope for alle, seier Matthiesen.

Salt Os er ein relativt ny, såkalla frikyrkje, som er del av det nasjonale kyrkjelydsnettverket Salt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over 300

Før fjorårets dag var han spente på kor mange som kom til å ta del i Barnas dag, og Matthiesen blei overraska då han såg kor mange som ønskte å vera med.

– Det blei ein strålande dag. Sola skein, og vi reknar med at kring 300 menneske var samla på grusplassen. Det er vanskeleg å seia eksakt, men dei 250 pølsene vi hadde, forsvann raskt, og folk var framleis svoltne, seier Matthiesen og smiler.

– Det er kjekt med slik respons frå bygda når ein prøver å skapa liv. Vi ønskjer å skapa Liv på øyro og trivsel på 1. mai og i grunn alle dagar.

Blant aktivitetane på programmet er sumobryting, fortel Daniel Matthiesen (midt i biletet).
Blant aktivitetane på programmet er sumobryting, fortel Daniel Matthiesen (midt i biletet).
Ein kan også laga ballongdyr på Barnas dag 1. mai.
Ein kan også laga ballongdyr på Barnas dag 1. mai.

Ulike aktivitetar

For at opplegget skal bli bra og knirkefritt, er det mange som stiller opp.

– Det er mange frivillige frå kyrkja sine eigne rekkjer som stiller. Studentar og unge vaksne hjelper til, så vel som barnefamiliar, seier Matthiesen og legg til:

– Det blir rikeleg med aktivitetar som sumobryting, ansiktsmåling, grilling, hoppeslott og så kan ein laga ballongdyr.