Solidaritetskonserten i Os kyrkje var ein av fleire innslag i innsamlingsaksjonen.
Solidaritetskonserten i Os kyrkje var ein av fleire innslag i innsamlingsaksjonen.

Samla inn over 150.000

Osingane bidrog svært godt til Kirkens Nødhjelp sitt bistandsprogram for naudlidande i Afrika og Jemen.

Initiativtakarar til innsamlingsaksjonen var Øyvind Hæggland, godt støtta av Arvid Tveit, Liv Strømsvåg, Arne Mæland og diakon Ingrid Vik frå Os kyrkjelyd.

- Tilsaman er det samla inn 157.279 kroner dei to siste vekene av året, opplyser kyrkjeveje Gerhard Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsamlinga fordelte slik:

Solidaritetskonsert i Os kyrkje: kr 28.900

Offer i kyrkjene julaftan: kr 61.313

Gåve: kr 5.000

Bøsseaksjon/Vipps i Os 29. og 30. desember: kr 62.066

Kyrkjeverja nyttar høvet til å takka alle som var med og leggja til rette, artistar på konserten, deltakarar under innsamlinga og ikkje minst alle dei som gav pengegåve til Kirkens Nødhjelp.

jostein@osogfusa.no