Både med Osfest og med Os Live sine arrangement på Nore Neset har det tidlegare vore kritikk for at trekkplastra har appellert for lite til ungdomen. Denne kritikken har stilna i det siste.
Både med Osfest og med Os Live sine arrangement på Nore Neset har det tidlegare vore kritikk for at trekkplastra har appellert for lite til ungdomen. Denne kritikken har stilna i det siste.

Satsar vidare på cowboyfest-konseptet

Nyttårsfesten med Gunslingers tok heilt av. No går Os Live for liknande konsept i Vognhallen i sommar.

Tor Egil Hylland og Os Live har fora osingane med fleire musikalske arrangement dei siste åra. Mest av alt er dei kjente for nyttårskonsertane i Nore Neset Aktivitetshus. No kliner dei til med sommarkonsert i Vognhallen. Datoen er laurdag 9. juni.

Cowboybanda fengjar osingane

Tre band/artistar er venta på scenen. Første som er klar er Rotlaus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde Rotlaus på nyttårsarrangementet i 2016. Det var stor suksess, og bandet har jo berre vorte endå meir populær sidan då, seier Hylland.

Han meiner bandet representerer ein stilart som osingane ser ut til å ha lagt sin elsk på.

– Det verkar som at country, cowboystemning og røffe, norske tekstar fengjar osingane særs godt. Dette merka me også på fjorårets nyttårsarrangement på Nore Neset, då me hadde Gunslingers og Ferdamann, seier Hylland.

Rotlaus er det første bandet Os Live presenterer for sin komande Sommarfest i Vognhallen. Sunmørsbandet gjorde over 70 spelejobbar i 2017 og er stadig meir populære. (Pressefoto)
Rotlaus er det første bandet Os Live presenterer for sin komande Sommarfest i Vognhallen. Sunmørsbandet gjorde over 70 spelejobbar i 2017 og er stadig meir populære. (Pressefoto)

Lukkast med ungdomen

Både med Osfest og med Os Live sine arrangement på Nore Neset har det tidlegare vore kritikk for at trekkplastra har appellert for lite til ungdomen. Denne kritikken har stilna i det siste.

– Det ser ut til at me har knekt koden for korleis få ungdomen med. Røff, norsk allsong og litt cowboy-stemning ser i alle høve ut til å gjera susen. Så har me jo også andre artistar og typar musikk som fengjar osingane, som dei får presentert på Osfest.

– Men også der vert det litt folkemusikk-inspirert og country-aktig på norsk?

– Ja, det er rett. Der har me lukkast å få med Staut, så det blir denne typen sjanger også der, smiler Hylland.

– Kan du seia noko om andre artistar de har planar om å få til Sommarfesten 9. juni?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nja, det blir artistar som passar til sjangeren. Men tradisjonen tru slepp me namna litt etter kvart.

Stor kapasitet

Med Vognhallen som arena vert det rikeleg med plass til konsertdeltakarar. Under nyttårsarrangementet på Nore Neset i slutten av desember hadde dei 560 betalande. I Vognhallen kan dei truleg sleppa inn det doble.

– Dette vert jo eit utandørsarrangement, med litt andre rammer. Med bruk av parkeringsplassen og området rundt stasjonsbygningen vil me i alle høve kunna ta imot 1.000 betalande, seier Hylland.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no