Stor ulukke ved Bontveit-krysset i natt.
Stor ulukke ved Bontveit-krysset i natt.

Seks personar sendt til Haukeland

Det har vore ei stor ulukke med tre bilar involverte i Bontveit-krysset i natt.

– Det blei først meldt til politiet at to bilar hadde kollidert i Bontveit-krysset. Dei kolliderte front mot front. Etter kvart blei det meldt om at ytterlegare ein bil hadde køyrt i ein av bilane som først kolliderte også, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen.

Totalt var seks personer involverte i ulukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei seks blei sendt til sjukehuset. Ein av av dei var fastklemt, men frigjort av brannvesenet.

– Kan du seia noko om tilstanden til dei involverte?

– Det må nesten helsevesenet ta. Dei blei køyrd til sjukehuset og ikkje til legevakta. Då er det meir alvorleg enn om dei hadde blitt køyrd til legevakta.

Luftambulansen var på staden. Det var også ulukkesgruppa til Statens vegvesen.

– Det var eit stort team på staden. Det er grunn til å tru at den eine bilen har kome over i motsett køyrefelt. Politiet har oppretta sak, og vil halda fram med avhøyr, seier Samsonsen.

Bergensavisen har fått informasjonom tilstanden til dei som var involverte i ulukka.

Ein 19 år gamal mann skal vera alvorleg skadd.

Ein mann (19), ei kvinne (22), ein mann (60), ei kvinne (31) og ei kvinne (57) er lettare skadd, skriv Bergensavisen.