Mathea Kvåle Hovland (8) har sendt flaskepost både frå Tittelsnes og Radøy i sommar. No ventar ho spent på svar på den siste.
Mathea Kvåle Hovland (8) har sendt flaskepost både frå Tittelsnes og Radøy i sommar. No ventar ho spent på svar på den siste.

Sendte flaskepost – fekk brevvenn

I juni sendte Mathea Kvåle Hovland (8) ein flaskepost frå Tittelsnes i Sveio. Norenesingen fekk raskt svar.

Etter nokre veker dukka det nemleg opp ei etterlysing på Facebook. Ein kar som heiter Arve hadde funne ein flaskepost på Tittelsnes frå ei 8 år gamal jente frå Os.

– Han fann flaskeposten min då han var ute og plukka bos, fortel Mathea.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åtteåringen, som snart skal begynna i tredje klasse, synest det er gøy å skriva. Ho har hatt lyst til å senda flaskepost ei stund.

– Eg skreiv at eg håpte at nokon kom til å finna han, og så skreiv eg litt om kva eg likar å halda på med, fortel ho.

Etter at finnaren på Tittelsnes hadde lokalisert avsendaren, dukka det opp eit svarbrev. Denne gongen med ordinær post. I brevet var det pantepengar, nokre gode drops og ei bok om Emil.

Her er flaskeposten som Mathea sendte i juni, og som Arve Rønnekleiv fann.
Her er flaskeposten som Mathea sendte i juni, og som Arve Rønnekleiv fann.
Arve Rønnekleiv og Victoria Besher fann flaskeposten til Mathea då dei rydda bos i fjøra på Tittelsnes.
Arve Rønnekleiv og Victoria Besher fann flaskeposten til Mathea då dei rydda bos i fjøra på Tittelsnes.

– Han hadde panta flaksa så då sendte han meg pengane for panten, seier Mathea.

Også ho har sendt brev tilbake.

– Så de har blitt brevvenner?

– Ja, det har vi, seier ho.

Når Os og Fusaposten snakkar med 8-åringen er ho på veg ut i båt for å bada. Ho har allereie sendt ein ny flaskepost. Frå farmora si hytte på Radøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ventar på svar, seier ho nøgd.

camilla.kvamme@osogfusa.no