Os kommuen søkjer etter ny kommunalsjef for samfunnsutvikling.
Os kommuen søkjer etter ny kommunalsjef for samfunnsutvikling.

Ser etter ny kommunalsjef

Os kommune har lyst ut stillinga som Aina Tjosås tidlegare hadde.

Det var i slutten av april at Aina Tjosås på dagen gjekk av som kommunalsjef samfunnsutvikling i Os kommune. Ein månad etter, er Os kommune i gang med å søkja etter erstattaren.

– Som kommunalsjef vil du ha eit overordna ansvar for dei tradisjonelle tekniske tenestene. Du får ein unik sjanse til å arbeide med innovative løysingar for å sikra framtidsretta og gode tenester til det beste for innbyggjarane i den nye kommunen. Kommunalsjefen er ein viktig del av leiargruppa til rådmannen. Vi ønskjer ein strategisk og trygg leiar med relevant høgare utdanning. Dokumenterte gode resultat frå relevante leiarstillingar og god forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon vil vektleggjast. Du bør ha god kjennskap til lov- og avtaleverk i offentleg sektor, særleg innanfor eitt eller fleire av områda som sektoren har ansvar for, heiter det i utlysinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen søkjer også etter ein prosjektleiar på områdeplan.