Endre Haugen, Susanne Røttingen, Evgenia Taranova og Maria Vik er fire av kring 40 russ i Fusa som denne veka skal samla inn pengar til Krafttak mot kreft.
Endre Haugen, Susanne Røttingen, Evgenia Taranova og Maria Vik er fire av kring 40 russ i Fusa som denne veka skal samla inn pengar til Krafttak mot kreft.

Set opp russerevy til inntekt for kreftforeininga

Russen i Fusa skal denne veka samla inn pengar til Krafttak mot kreft, men dei stoppar ikkje der.

– Krafttak mot kreft går heile denne veka, med hovudaksjonsdagen søndag. Då skal dei fleste ut og gå med bøsser. Nokre av oss kjem nok til å gå torsdag eller fredag også, så ein må vera budd på at vi kan koma då også, seier Helene Ådland.

Skal laga revy

I år samlar dei inn pengar til forsking på krefttypar som få overlever. Årets russ har som mål å få inn meir enn dei gjorde i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skal dekkja heile kommunen og få inn meir enn dei klarte i fjor. Ein kan gje ved å bruka Vipps, så det er ikkje naudsynt å ha kontantar klar, seier aksjonssjef Ådland.

Russetida nærmar seg med stormsteg. I desse dagar skal dei i gang med førebuing til russerevyen som dei skal gjennomføra i samfunnshuset i Eikelandsfjorden i slutten av denne månaden.

– Vi er kring 40 elevar. Alle vil nok ikkje bidra på scenen, men eg vonar alle tek del i opplegget, seier aksjonssjef Ådland og smiler.