Tjuvar har vore på ferde i Bergen sør, vest og nord i fellesferien. No bed politiet folk om å passa på kvarandre, og tinga våre.
Tjuvar har vore på ferde i Bergen sør, vest og nord i fellesferien. No bed politiet folk om å passa på kvarandre, og tinga våre.

– Sjå til huset til naboen

Dei siste vekene har det vore fleire innbrot i bustader i Bergen sør, vest og nord. No oppmodar politiet i Os folk om å ha eit ekstra auge med naboen sitt hus.

– Vi må passa på kvarandre, og på tinga våre, er oppmodinga frå politiførstebetjent i Os og Austevoll lensmannsdistrikt Rune Fimreite.

Den siste tida har det kome meldingar om innbrot i Møllendalsvegen, Midttun, Kokstad og andre stader i nærleiken av Bergen. Politiet bed difor folk som skal på ferie om å alliera seg med naboar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fimreite meiner også det kan vera lurt å sjekka korleis det står til med båten.

– Sjølv om du ikkje bruker båten, sjå til han, seier politiførstebetjenten.

Fann att golfskuterar

Tysdag skreiv Os og Fusaposten at Bjørnefjorden Golfklubb sakna to elekstriske golfskuterar etter at ubedne gjester hadde vore på ferde i golfklubben natt til måndag. Onsdag morgon vart skuterane funnen ved Os Møbelstopp i Borgavegen.

– Eg veit ikkje noko om tilstanden på skuterane, men dei som har teke dei med seg har i alle fall ikkje køyrt så langt, påpeikar Fimreite.

camilla.kvamme@osogfusa.no