Ein sjåfør ignorerte skilt og førte onsdag vogntoget opp Søvikåsen (Ole Bulls veg) og måtte ryggja heile vegen ned til Lysefjorden-sida igjen.
Ein sjåfør ignorerte skilt og førte onsdag vogntoget opp Søvikåsen (Ole Bulls veg) og måtte ryggja heile vegen ned til Lysefjorden-sida igjen.

Sjåføren skal ha takka og bukka for førelegget på 5.500 kroner

Sjølve skilta som seier noko om maks akseltrykk og lengdebegrensing ved Søvikåsen skal vera gode nok, men tilbakemeldingar går på at plasseringa nok ikkje er heilt optimal.

– Det er eit problem at vogntog køyrer seg fast i Søvikåsen. Tilbakemeldingar går på at skilta kjem for seint og at dei bør plasserast på ein meir eigna stad – gjerne tidlegare i løypa. Det er fleire som vel å halda fram trass i skiltinga, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Men bør ikkje bilistane snu, sjølv om skilta er rett før ein startar å køyra opp?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jo, og det er difor vi har heimel til å gje førelegg og alltid gjer det. Det er mange som køyrer etter GPS, og ser at dette er kortaste veg – og vel å tøya grenser. Skilting kan vera ei grei ordning, men det gjev også falsk tryggleik.

Tok det med fatning

Sjåføren er norsk, og tok hendinga med fatning.

– Sjåføren var dyktig bak rattet og fekk manøvrert seg ned frå Søvikåsen. Førelegget på 5.500 kroner takka og bukka han for. Vegen var stengd frå i om lag ein time frå 13.36 til 14.33, fortel Dyrdal.