Storskårar Kristoffer Østervold var nok sakna i bortekampen mot Brann 2. Austevollingen slit med ein betent hæl og er truleg tilbake frå skade til neste helg. Om eit par veker håpar Ruben Hetlevik også at Truls Hovland er kampklar igjen.
Storskårar Kristoffer Østervold var nok sakna i bortekampen mot Brann 2. Austevollingen slit med ein betent hæl og er truleg tilbake frå skade til neste helg. Om eit par veker håpar Ruben Hetlevik også at Truls Hovland er kampklar igjen.

Sjansesløseri og skuffande bortetap

Lysekloster klarte ikkje tukta poenglause Brann 2 på Nymark. Trenaren skuldar på sjansesløseri.

– Det er frustrerande å stå å sjå på at ballen berre ikkje vil i mål, men sånn er det dessverre nokon gonger med fotballen, seier Ruben Hetlevik.

Han var svært skuffa etter 3-1-tapet for Brann 2 på Nymarksbanen tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Første omgang var regelrett svak. Me er ikkje på, og gjer fleire tekniske feil på rad. Resultatet er at me ligg under 2-0 før me i det heile teke kjem i gang med eige spel, fortel Hetlevik.

Vladan Radojkic reduserte til 2-1 like før pause, og tente med det håpet om poeng for dei kvit-blå.

26 avslutningar

Etter kvilen kom Lysekloster godt i gang med eige spel, men sjølv om dei skapte ei mengde eventyrlege sjansar, ville ikkje ballen i mål.

– Det var den dagen då det berre ikkje vil seg. Eg hadde ein som tal sjansar for oss. Han noterte 26 avslutningar i andre omgang. 16 av dei var innanfor 16-meteren, fortel Hetlevik.

– Då må de vel ta noko på kontoen for udyktigheit?

– Det er klart. Me burde skåra fleire mål, men samstundes må me leggja til at Brann 2, med Jonas Grønner og keeper Marcus Olsen Pettersen, gjorde ein svært god jobb med å forsvara målet sitt, svarar Hetlevik.

Kjem sterkare attende

Lysekloster har spelt fem kampar, har ti poeng og ligg no på fjerdeplass på tabellen i 3. divisjon avdeling 04. Men avstanden til topplaga er ikkje avskrekjande.

– Me er fire poeng bak Brodd og Fyllingsdalen og har ein kamp mindre spelt. Det er langt frå heilsvart, sjølv om me nett i dag, er litt nede grunna tapet i går, seier Hetlevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag spelar Lysekloster borte mot Tertnes.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no