Politiet oppmodar osingar til å få nye pass andre stader enn Os lensmannskontor, for der er dei fullbooka.
Politiet oppmodar osingar til å få nye pass andre stader enn Os lensmannskontor, for der er dei fullbooka.

– Sjekk dei øvrige kontora

Politiet i Os ber osingane sjå til andre kontor for å få seg nytt pass, for i Os er det fullbooka ein månad fram i tid.

– Vi får mange førespurnader kvar dag frå folk som opplever å ikkje få time hos oss. Nokre trur det skuldast ein feil på nettsida, men det er ikkje det. Vi er fullbooka 30 dagar fram i tid, seier Åsta Bakke-Mjelde ved Os lensmannskontor.

Tipsar om andre kontor

Sidan måndag 2. januar, har ein måtte bestilla time på førehand dersom ein skal ha nytt pass på Os lensmannskontor. Timene må bestillast seinast dagen før på nettsida til politiet, www.politi.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakke-Mjelde fortel at dei kvar morgon legg ut timar 30 dagar fram i tid. Det vil altså bli lagt ut ledige timar kvar dag, men desse er det rift om. Difor ber Bakke-Mjelde folk om å sjå til andre kontor.

– Eg vil tipsa om å sjekka dei øvrige kontora som har booking: Fyllingsdalen, Askøy, Sotra og Nordhordland. Dei begynner å bli fullbooka dei også, men det er framleis ledige timar, sjølv om ein nok må venta nokre veker. Vi er på veg inn i høgsesongen, og det er ei utfordring at så mange store kontor har innført denne ordninga med timebestilling. Vi har ikkje så mykje kapasitet som publikum skulle ønskje, og vi merker at der er mindre kapasitet i høgsesongen enn tidlegare.

Kan vera greitt å venta

Grunnen til at politiet vel å gå ut i media er at folk skal få passa sine klare i tide til dei skal reisa, og får å unngå å måtta svara på 20-30 telefonar dagleg frå folk som prøver å tinga time over telefonen.

– Er folk frustrerte over ikkje å få time?

– Nokre er det, men eg har til gode å høyra om at nokon ikkje har fått ordna pass i tide. Dei fleste reiser på ferie i juni og juli, og vi er framleis i april, så det er enno tid, seier Bakke-Mjelde.

Medan nokre land krev at passet skal vera gyldig til ei stund etter at ein har vore på ferie, krev dei fleste land i Europa ordinær gyldigheit for passet.

– Skal ein til Spania, Kroatia, Hellas, eller eit anna “vanleg” europeisk reisemål i juni/juli, og har eit pass som går ut i august/september, treng ein difor ikkje fornya passa før etter at ein er komen heim. Det kan vera greitt å venta, slik at andre som det hastar meir for, kan få fornya passet sitt. Ein kan sjekka sjølv kva pass-reglar som gjeld dei ulike landa på landsider.no, seier Bakke-Mjelde.