Jubilant Knut-Jarle Aspenes saman med brukamerat Peder Fløysand og ordførar Terje Søviknes då papira blei signert i dag.
Jubilant Knut-Jarle Aspenes saman med brukamerat Peder Fløysand og ordførar Terje Søviknes då papira blei signert i dag.

Sjenerøst bursdagsbarn

Knut-Jarle Aspenes, som forskotterte 2,1 millionar kroner for å realisera Knutabruo, feira bursdagen sin i dag ved å overrekkja brua til Os kommune saman med resten av brukameratane.

Det var ein nøgd ordførar som blei overrekt brua av Aspenes og Peder Fløysand i dag.

- Frå kommunens side må eg seia at vi er svært nøgde med heile prosjektet, både med brua og det som skjer på begge sider av elva. Det er store befolkningsområde både aust og vest om elva, som dreg nytta av ho, og elles turgåarar generelt, seier Terje Søviknes og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vil berre takka og bukka. Det er kjekt å sjå kva ein kan realisera når frivillige, nokre med kapital og det offentlege samarbeider. Vi tek over drift- og vedlikehaldsansvar, som ofte er baugen i slike prosjekt. Det vil alltid vera noko i starten, men vi får håpa at vi slepp å bruka for mykje pengar på dette no dei første åra, seier han og smiler.

Vil unngå for mykje tråkk i Hesteløypa

Bruaopna i oktober i fjor. Det som no står att er ein sti frå barnehagen i Banktjørnhaugen til Knutabruo.

- Vi jobbar med dette. Vi søkte om tippemidlar, og har fått ein million til prosjektet med rørtraséen, brua, og det vi skal gjera nettopp på andre sida for å unngå at det blir for mykje tråkk i Hesteløypa. Vi har støtt på nokre problem med å få køyra større maskinar inn i området, og det blir fort dyrare om ein må bruka mindre maskinar. Men dette skal vi finna ei løysing på, seier Søviknes.

Ordførar Terje Søviknes på Knutabruo saman med Knut-Jarle Aspenes, Harald Døsen, Peder Fløysand og Øyvind Tøsdal.
Ordførar Terje Søviknes på Knutabruo saman med Knut-Jarle Aspenes, Harald Døsen, Peder Fløysand og Øyvind Tøsdal.
Terje Søviknes skreiv i dag under på dokumentet som gjer at Os kommune overtek drift og vedlikehald av Knutabruo.
Terje Søviknes skreiv i dag under på dokumentet som gjer at Os kommune overtek drift og vedlikehald av Knutabruo.

Takksam brukamerat

Brukamerat Lyssand ønskte å trekkja fram grunneigarane Reidar Rundsveen, Tordis Lund og Opplysningsvesets Fond for velvilja dei har vist, og dugnadshjelp frå private og firma som har hjelpt til både fysisk, og økonomisk med 500.000 kroner. Sist, men ikkje minst, Aspenes som forskotterte 2,1 millioner kroner.

- Vi hadde aldri kome i mål om det ikkje hadde vore for Knut-Jarle. Vi håper at brukameratane kan få eit tilskot av dei tippemidlane som Os kommune er tildelt, seier han.

Prosjektet kosta totalt om lag tre millionar kroner medrekna dugnadsarbeid.

 

- Det er litt ditt

Aspenes seier at det er "tilbakebetaling" nok i seg sjølv å sjå kor mange som nyttar det nye turområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det som gleder alle oss i ettertid er at det er så utruleg mange som bruker brua og området. Det var det vi ønskte, og brua har blitt meir enn kva vi kunna håpa på, seier han, og han har samstundes ei oppmoding til alle osingane.

- Eg vil ta i bruk Coops slagord: Det er litt ditt. Bruk området for det det er verdt.