Ein mann i 50-åra må møta i retten i november tiltala for brot på straffelova og politilova.
Ein mann i 50-åra må møta i retten i november tiltala for brot på straffelova og politilova.

Skal ha trua med å drepa politibetjent

Ein mann i 50-åra skal sparka etter ein politibetjent og kome med ei rekkje ukvemsord til politibetjentar og ein politistudent.

Mannen frå Os må er under tiltale ved Bergen tingrett for to brot på straffelova og brot på politilova.

Torsdag 1. mars klokka 20.30 i år fekk mannen pålegg frå politiet om å fjerna seg frå ein utestad i Os. Mannen skal ikkje ha retta seg etter pålegget, og fem minutt seinare valte politiet å leggja mannen i jern. Då politibetjenten forsøkte å ransaka mannen, skal tiltalte ha sparka ein politibetjent i leggen og prøvd å sparka ein politistudent som også var på staden. Politibetjentane låg mannen i stabilt sideleie. Då skal mannen ha sagt til ein av politibetjentane at han skulle knusa trynet hans, skalla han ned og drepa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedsetjande kommentarar

I samband på pågriping og transport til legevakta, skal mannen ha kome med ukvemsord til politistudenten og ein politibetjent. Begge to er kvinner. Kommentarane skal ha vore både nedsetjande og av seksuell art.

Saka skal opp i retten 13. november.