Alexander F. Solvang, Markus Fonn Fjæreide og Daniel Brune Flatøy er klare til å ta fatt på nye utfordringar i hjartet av København. Læraren deira Ottar Bang (t. v.) skal sørgja for at dei tre elevane vert trygt inkvarterte på 5-stjernershotellet i den danske hovudstaden.
Alexander F. Solvang, Markus Fonn Fjæreide og Daniel Brune Flatøy er klare til å ta fatt på nye utfordringar i hjartet av København. Læraren deira Ottar Bang (t. v.) skal sørgja for at dei tre elevane vert trygt inkvarterte på 5-stjernershotellet i den danske hovudstaden.

Skal i 5-stjerners praksis i København

Søndag reiser tre elevar frå kokk- og servitørlina på Fusa vidaregåande skule til København for å arbeida på Radisson Blu Royal Hotel.

Alexander F. Solvang, Markus Fonn Fjæreide og Daniel Brune Flatøy skal vera i praksis på 5-stjernershotellet på Vesterbro i København i fire veker.

Alexander og Markus skal arbeida som kokkar i kjøkenet. Daniel skal vera servitør. Alle tre har store forventningar til den siste perioden sin med yrkesfagleg fordjupning (YFF) før dei avsluttar skulegangen og går ut i lære frå hausten av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håper eg får kjenna på tempoet på eit stort hotell, og at eg får læra å setja saman nye smakar og prøva nye rettar, seier Fjæreide.

– Eg er nyfiken på korleis det er å arbeida på eit hotell i utlandet samanlikna med heime og på skulen. Eg håper òg at eg får høve til å prøva ut ulike arbeidsmptar/-teknikkar, seier Solvang.

Elevane skal sjølv vera med på å bestemma kva som er måla deira for praksisperioden. Daniel, som er den einaste servitøren, gler seg til dømes til å læra meir om korleis ein skal handsama gjester i ein flott restaurant.

– Og så gler eg meg til å læra om borddekking, korleis ein kan velja og føreslå drikke til dei ulike menyane og korleis eg kan rettleia gjestene slik at dei får eit flott måltid, seier han.

– Unikt innblikk

Trioen starta på VG1 Restaurant og matfag på Fusa vidaregåande skule hausten 2016. Deretter gjekk dei vidare på VG2 Kokk/Servitør.

– I faget er det viktig å ha kunnskap om råvarer, kosthald, ernæring, vinlære, produkjsonsmetodar, og liknande, men du treng også den praktiske kompetansen til å utføra oppgåvene. Andre året har elevane ni veker med praksis til saman. I tillegg får dei mykje praktisk erfaring i restauranten på skulen, opplyser skulen i ein e-post til Os og Fusaposten.

HR-direktør ved Radisson Blu Royal Hotel, Copenhagen, Rudi Tuv, kjem frå Os, og har sjølv vore elev hjå Ottar Bang på Restaurant- og matfaglina på Fusa vidaragåande skule. Han ser fram til å få elevar frå gamleskulen til arbeidsplassen sin i København.

– I løpet av fire veker vil elevane få eit unikt innblikk i korleis eit stort internasjonalt hotell fungerer, samt kva krav og forventningar det er til eit team på eit 5-stjernershotell, skriv Tuv til skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Radisson Blu Royal Hotel, Copenhagen vert rekna som det første «SAS-hotell» i verda. Hotellet er designa av arkitekt Arne Jacobsen, og vart opna i 1960. I dag har hotellet 261 rom og 150 tilsette frå 36 land.

Lærar ved Fusa vidargeåande skule, Ottar Bang, skal følgja elevane til København for å introdusera dei for sine nye «kollegaer», samt diskutera arbeidsoppgåver og kompetansemål med skulen sin kontaktperson på hotellet, opplyser Fusa vidaregåande skule.

camilla.kvamme@osogfusa.no