- Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet, seier brannsjef i Fusa, Gunnar Hatlelid.
- Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet, seier brannsjef i Fusa, Gunnar Hatlelid.

Skremd av talet komfyrbrannar

Brannvesenet i Hordaland rykte ut til 162 komfyrbrannar i fjor. – Komfyren er den klart vanlegaste brannkjelda i heimen, seier brannsjef i Fusa, Gunnar Hatlelid.

Fersk statistikk frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) viser at brannvesenet rykte ut til 162 komfyrbrannar i Hordaland i 2017. Det er 30 fleire enn i fjor. Brannvesenet rykte i fjor ut til 3344 bustadbrannar i Noreg. Heile 1516 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren.

– Så godt som alle komfyrbrannar kjem av tørrkoking og ikkje teknisk feil ved produktet. Då er det veldig fint å ha ei komfyrvakt som hindrar at farlege situasjonar oppstår. Vi tilrår alle å installera komfyrvakt, seier Hatlelid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange historier

I alle nye bustader er det krav om komfyrvakt og at det vert lagt opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader.

– Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet. Anten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt lite merksemd er alt som skal til for at ein brann skal blussa opp og koma ut av kontroll, seier Hatlelid.

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installera. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutta straumen til komfyren.

– Hald oppsikt under matlaging, skru av eller demp varmen om du blir avbrote i matlaginga, reingjer ventilator jamleg og pass på at det ikkje ligg brennbare ting for nære koketoppen. Ingen tek skade av å venta litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade om du gløymer det, seier Hatlelid.

Komfyrvaktkampanje

Torsdag 15. februar vert det arrangert ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd rundt dei alt for mange komfyrbrannane.

– Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, NELFO, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkunnige selskap, seier Hatlelid.