Politikarane i Os var irriterte over at det ikkje var noko vedtak i Fusa kva gjeld kven som skal sitja i fellesnemnda
Politikarane i Os var irriterte over at det ikkje var noko vedtak i Fusa kva gjeld kven som skal sitja i fellesnemnda

Skuffa over Fusa-vegring

Politikarane i Os meiner at fusingane må gå i seg sjølv, og at debatten om dobbeltrøysta er eigna til å vekkja politikarforakt.

Då formannskapet fredag diskuterte saka, innleidde ordførar Marie Bruarøy heile saka med eit stort sukk. Som Os og Fusaposten skreiv i går, er fusingane og osingane splitta i spørsmålet om korleis deira felles organ (fellesnemnda) skal fatta vedtak. Osingane meiner at ein i siste instans må ha høve til ordinære fleirtalsavgjerder, medan fusingane står fast på at det skal vera konsensus i alle avgjerder. Osingane har svart at dette vil gje enkeltrepresentantar vetorett i kvart vedtak, og m.a. peikt på problemet knytt til partipolitisk usemje. I Fusa er ein redd for å bli overkøyrt av Os i spørsmål m.a. knytt til tilsette.

Ikkje noko vedtak i Fusa

I går hadde Fusa kommunestyre saka oppe (lokalavisa hadde dessverre ikkje høve til å vera til stades på heile møtet, og fekk ikkje med seg denne saka som vart diskutert seint i møtet). Oppgåva for politikarane var å gjera som Os kommunestyre gjorde tidlegare i veka, peika ut dei fem som skulle representera Fusa. Det skjedde ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som skjedde i Fusa i går, har eg fått referert, var at dei hadde lange diskusjonar, men kom ikkje i mål med debatten. Dei har difor utsett heile saka til etter ferien, fortalde ordførar Marie Bruarøy.

I Fusa har dei sett nytt møte 16. august, og Bruarøy varsla at det blir nytt møte i styringsgruppa 18. august.

– Det var eigentleg sett til 14. august, men det blir litt meiningslaust å ha nytt møte før fusingane har bestemt seg, sa Bruarøy.

Ikkje valfritt

Torsdag nemnde Os og Fusaposten det kommunelova seier om dobbeltrøyst. Det er ikkje noko valfritt ein utvalsleiar kan velja å avstå frå, slik ordførar Atle Kvåle har hevda. Nils-Anders Nøttseter (MDG) ville ha stadfesta frå rådmannen at dette var rett.

– Det er kommunelova paragraf 35 som vil gjelda ved stemmelikskap. «Ved stemmelikhet i andre saker enn valg er møteleders stemme avgjørende», står det, sa Christian Fotland.

– Og det er altså ikkje frivillig å bruka dobbeltstemma, sa Nøttseter.

– Ein kan ikkje avstå frå å røysta i eit politisk organ, stadfesta Fotland.

– Aukar politikarforrakten

Frp var tydeleg misnøgde med politikarkollegaene i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ordet politikarforakt må jo dukka opp hjå dei som les denne debatten. Dette er meir enn det, det er ei vidareforedling av politikarforakten. Ein bør tenkja meir på at ein ikkje representerer Os eller Fusa i den nye fellesnemnda, men me representerer den nye kommunen me skal byggja saman, sa Gustav Bahus (Frp).

Partifelle Eirik André Hesthamar syntest det var trasig at heile samanslåinga druknar i denne debatten.

Jon Sivert Rykkel (V), spurde om fusingane med konsensus meinte 10-0, altså at ni samde kan bli overstyrt av ein usamd.

– Dersom 10–0 er forståinga, så er jo det ein styringsmodell som er umogleg. Det er korkje demokratisk eller rettferdig. Her må fusingane gå i seg sjølv og tenkja, sa Rykkel.

ol@osogfusa.no