Optikar Hans Bjørn Bakketeig slik vi er vane med å sjå han, i teneste for dei synshemma i Moldova.
Optikar Hans Bjørn Bakketeig slik vi er vane med å sjå han, i teneste for dei synshemma i Moldova.

Slått til riddar

HM Kongen har i dag tildelt Den Kongelige Norske fortjenstorden til optikar Hans Bjørn Bakketeig frå Os.- Stor stas, svarer Bakketeig.

I dag kom nyhenda om at osing og optikar Hans Bjørn Bakketeig er utnemnd til riddar av første klasse av den Kongelige Norske Fortjenstorden. Det skriv organisasjonen «Hjelp Moldova» på si Facebook-side.

Bakketeig vert heidra for sin årelange innsats for synshemma i Moldova gjennom nettopp organisasjonen «Hjelp Moldova».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var kjekt. Eg vart heilt satt ut då eg fekk vita det på fredag. Eg hadde rett og slett inga aning, seier ein glad Hans Bjørn som for tida er på familieferie i Tanzania.

Han fortel at kona Ingunn hadde ein liten mistanke på førehand. Både ho og yngstedottera var til stades då nyhenda kom fredag.

– Eg har ikkje den ringaste aning om kven som har anbefalt meg og tipsa Kongen. Men det er uansett ei utmerking eg set stor pris på og som skal delast med mange.

Denne medaljen vert snart festa til Hans Bjørn Bakketeigs bryst. Då vert han Ridder av 1. klasse.
Denne medaljen vert snart festa til Hans Bjørn Bakketeigs bryst. Då vert han Ridder av 1. klasse.

I fylgje kansellisjef Mette Tverli vil nyhenda om kort tid bli lagt ut på kongehuset.no.

Det er enno ikkje sett nokon dato for overrekkinga av medaljen.

anne-marie@osogfusa.no