Det er snart på tide å ikle seg nasjonaldrakta igjen. Feststemning blir det nok, uansett vêr.
Det er snart på tide å ikle seg nasjonaldrakta igjen. Feststemning blir det nok, uansett vêr.

Slik blir årets 17. mai

17. mai-komiteen har kontroll på det meste, men vêret rår dei naturleg nok ikkje over.

– Vêrmeldingane ser ikkje så gode ut no, men vi får håpa at det snur, seier Stine Kobbeltvedt.

Os & Fusaposten møtte Kobbeltvedt og Kjetil Osablod Grønvigh fredag for ein prat om årets nasjonaldag-feiring i Os. Førre veke skreiv avisa at toget i år går ei ny rute, og at 17. mai-programmet i år blir trykt i eit avgrensa opplag, men at det blir lagt ut på Os kommunes nettstad (Les saka under). Programmet blei lansert i dag, og kan skrivast ut om ein vil det. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Stikkordet er identitet

Laila Marie Reiertsen skal halda tale på Luranetunet. Thorstein Skårnes står for talen i Minneparken. På Kyrkjeflaten er det kulturleiar i Fusa, Erik Vangsnes, som skal halda tale for dagen.

– Det var faktisk Tove (Hille journ.mrk.) sin ide, seier Kobbeltvedt og held fram:

– Det synest vi passa godt, då temaet i år er identitet.

– Erik er frå Os, men bur og jobbar i Fusa. Alle talarane har fått stikkordet identitet, noko som er veldig aktuelt i desse dagar, med kommunesamanslåinga berre få år unna. Erik er ein kunnskapsrik mann, og han tente veldig på ideen, så det blir bra, seier Osablod Grønvigh.

Omskriven nasjonalsong

Den unge, lokale artisten Simen Moesgård står for eit kulturelt innslag på kyrkjeflata.

– Simen er ein av fleire unge frammadstormande artistar i Os, som verkeleg satsar på musikken. Vi tenkjer at det er viktig å visa fram dei unge, lokale talenta, seier Osablod Grønvigh.

Ord for dagen er det elevar frå 7. trinn på Kuventræ skule som står for. Elevar frå 1. og 2. trinn på same skule står for song-innslag. Eit anna kulturelt innslag som nok er verdt å få med seg er «Ja, vi elsker med» melodi av Klovner i kamp/Benny Borg. Teksten er omskriven av Bente Bratlund. Osingen som feriar 40 år som forfattar i år, skal også lesa opp teksten.

Russepresidentane Anders Skaar og Henrik Vågen frå Os gymnas og Os vidaregåande, kjem også for å tala.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stengd for trafikk

Alt 16. mai klokka 21.00 blir sentrum stengd for biltrafikk.

– Kvifor så tidleg?

– Det er eit godt spørsmål, seier Osablod Grønvigh og held fram:

– Det er mest fordi at folk ikkje skal gløyma seg og parkera i sentrum kvelden før. Vi kan ikkje gå og banka på dørane til folk i sentrum om morgonen for å få folk til å flytta bilane.

Sentrum vil vera stengd for biltrafikk fram til klokka 15.00 17. mai.

– Det skal uansett vera råd å finna parkering. Parkeringa framfor Rådhuset vil vera open, og det er elles råd å finna parkering utanfor sentrum, som til dømes ved Fjellheim, seier Kobbeltvedt.

– Det kan vera eit tips å vera ute i god tid, slik at ein ikkje stressar med parkering. Eller så kan ein reisa kollektivt, seier Osablod Grønvigh.

Det er også i år gjennomført teiknekonkurranse. 5. klassane i Os blir kvart år inviterte, og det er kome inn mange bidrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har valt ut tre vinnarar i år, seier Kobbeltvedt.

Vinnarane er som følgjer:

Framsida er teikna av Freya Lunde Hatley frå Lunde barneskule.

Rosemåling-pynt i programmet, er det Pernille Fimreite frå Os barneskule som har teikna.

Baksida av programmet står Hermine Lyssand Nordtveit frå Kuventræ skule for.