Terje Søviknes og Frp enda på 32,1 prosent av røystene i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg og Ap på 20,9 prosent.
Terje Søviknes og Frp enda på 32,1 prosent av røystene i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg og Ap på 20,9 prosent.

Slik er resultatet etter at 100 prosent av røystene er talt opp

Arbeidarpartiet stal eitt mandat frå Senterpartiet i «siste runde».

Frp og H har framleis 17 mandat. Ap, Sp og H har 18 åleine.

Framstegspartiet vart, som venta, største parti, og enda på ein oppslutnad på 32,1 prosent og 12 mandat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap fekk 20,9 prosent og berga akkurat 8 mandat, medan Sp gjekk litt tilbake etter at røystene frå Os sentrum kom inn og enda på 15,2 prosent og 5 mandat.

Høgre heldt seg stabile gjennom heile kvelden, og enda med ein oppslutnad på 13,5 og 5 mandat. MDG fekk 8,9 prosent og 3 mandat, KrF 3,6 og 1 mandat og SV 2,9 og 1 mandat. Korkje Venstre eller Raudt sikra seg mandat i det nye kommunestyret med høvesvis 1,9 og 1 prosent oppslutnad.

NB: Personrøystene er ikkje klare enno, så det kan enno skje endringar i kommunestyrekabalen. Det kjem også røystesetlar i posten som kan gje endringar dei neste dagane.

camilla.kvamme@osogfusa.no