Følg skilting, og gjev tydelege signal ved plassering og blinklys, er tipsa frå Arne Bjoarvik og Anette Haga om korleis ein skal køyra i rundkøyringa ved Uno-X.
Følg skilting, og gjev tydelege signal ved plassering og blinklys, er tipsa frå Arne Bjoarvik og Anette Haga om korleis ein skal køyra i rundkøyringa ved Uno-X.

Slik køyrer trafikkskulen i snakkis-rundkøyringa

Meiningane om rundkøyringa ved Uno-X er mange. Bjoarvik Trafikkskole meiner å ha fasiten på korleis ein skal køyra.

Rundkøyringa ved Uno X blei ei heit potet på Facebook måndag etter at ei kvinne la ut eit innlegg om at ho nesten kolliderte med ein bil som kom opp på sida av ho. Den same rundkøyringa blei også diskutert hos Bjoarvik Trafikkskole tysdag då Os & Fusaposten var innom.

– Eg forstår at nokon synest at rundkøyringa er vrien. Sjå berre kva som skjer når tungtrafikken skal gjennom der. Dei klarar ikkje svingen når dei kjem frå byen og skal ta første avkøyring til høgre i retning Halhjem. Sjølve rundkøyringa ser stadig ut som ein åker. Kanskje skulle sirkelen ha vore mindre, og gitt betre plass til trafikken, seier Arne Bjoarvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vikeplikt ved feltskifte

Men det var ikkje tungtrafikk og sirkelen som var det store samtaleemnet på Facebook. Det er usemje om det er to eller eitt felt i rundkøyringa.

– Det må ikkje vera markert to felt i rundkøyringa for at det skal vera to felt, seier køyrelærar Anette Haga.

Ho seier vidare at ein skal plassera seg etter skilting inn mot rundkøyringa.

Denne rundkøyringa blei ein snakkis på Facebook måndag.
Denne rundkøyringa blei ein snakkis på Facebook måndag.

– Om ein kjem frå Bergen og skal mot Halhjem, skal ein plassera seg mot høgre og blinka mot høgre. Skal ein rett fram, mot Industrivegen, skal ein også halda mot høgre. Om Os sentrum er destinasjonen, skal ein halda mot venstre inn mot rundkøyringa, og blinka til venstre. Inne i rundkøyringa skal ein plassera seg tett mot sirkelen, og blinka seg ut mot høgre når ein passerer avkøyringa før.

– Det er viktig å følgja med når ein då skal køyra ut. Kjem det ein bil opp på sida av deg, og du køyrer i han, er det du som har skulda. Den som gjer feltskiftet har vikeplikt, legg Bjoarvik til.

Fekk stryk på førarprøven

I tilfellet som er skissert over, er det ikkje påbod om å nytta blinklys til venstre når ein kjem inn mot rundkøyringa, men ein bør gjera det, for å gje betre flyt, og god samhandling med dei andre bilistane.

– Ein skal gje informasjon om kor ein skal, seier Bjoarvik.

For dei som er i gang med å ta sertifikatet, så kan tipset vera lurt å følgja, sjølv om det ikkje er påbod om det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har opplevd at ein elev fekk stryk på førarprøven fordi vedkomande ikkje gjorde dette. Det var ikkje eleven sjølv som fortalde det til meg, men sensor. Det er ei avgjerd vi oppfatta som veldig streng, seier Haga.

Gje informasjon til andre bilistar

Når det ikkje er andre bilar å sjå, seier Bjoarvik at problemstillingane med plassering og signalgjeving er mindre viktig.

– Då er det ikkje noko poeng i å leggja seg til venstre eller høgre, eller å blinka på veg inn i rundkøyringa. Men om det er trafikk, er det hensiktsmessig å gjera det, seier han og legg til:

– Om eg kjem frå Os mot rundkøyringa ved AMFI, og det kjem ein bil i motsett retning på veg inn i rundkøyringa som tidleg gjev signal om han har tenkt seg inn mot AMFI, eller ned mot Os, kan eg innretta meg etter det. Elles må eg stoppa eller bremsa ned for å sjå kva han gjer.

Følg skiltinga

Kor ein legg seg i rundkøyringa, har å gjera med kor mange avkøyringar det er. Underteikna fekk beskjed om å dela rundkøyringa i to då eg tok lappen. Skulle eg til høgre for midten av rundkøyringa, måtte eg plassera meg til høgre. Om eg skulle til venstre for midten av rundkøyringa, skulle eg leggja meg inn mot sirkelen. Det er ikkje heilt rett, ifølgje Bjoarvik og Haga.

– Problemet med å tenkja slik, er at det kan oppstå tvilstilfelle. Om ein kjem i ferjekøen frå Halhjem ned mot Uno-X, er avkøyringa til Os til venstre om ein delar rundkøyringa i to, men her bør ein leggja seg mot høgre. Skiltet seier at Osøyro er rett fram. Om ein skal mot Bergen, viser skiltet at det er mot venstre, altså skal ein leggja seg inn mot sirkelen i rundkøyringa, seier Haga og legg til:

– Men, om ein kjem til ei rundkøyring der det ikkje er ei avkøyring til venstre, bør ein leggja seg til høgre om ein skal til høgre, og inn mot midten om ein skal rett fram.

Ulike meiningar

Arne Bjoarvik forstår at folk spør om denne rundkøyringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var faktisk niesa mi som starta tråden. Ho hadde nok hatt ansvaret i tilfellet som ho skildra. Eg synest det var veldig positivt at ho tok det opp. Det er tydelegvis mange som har ulike meiningar, og då er det godt at problemstillinga kjem på banen.