Sist veke oppdaga Ann-Elisabeth Eidebakken mykje boss kring og på gjesteparkeringa for nabolaget Hellebakkane.
Sist veke oppdaga Ann-Elisabeth Eidebakken mykje boss kring og på gjesteparkeringa for nabolaget Hellebakkane.

– Slik skal det ikkje sjå ut

Tilgrising av gjesteparkeringa i Hellebakkane i Lysefjorden har aldri vore eit problem – før no.

Ann-Elisabeth Eidebakken har budd i Hellebakkane i over 30 år. Ho har utkikk ned mot gjesteparkeringa, som også blir brukt av private i nabolaget til parkering av tilhengjarar, båtar og bilar. No har nokon også begynt å bruka parkeringa som bossplass.

– Eg har aldri opplevd dette. Slik skal det ikkje sjå ut. Det er veldig spesielt at folk kastar frå seg på denne måten, særleg i dagens samfunn kor det er så stort fokus på miljø og ein blir oppmoda til å plukka opp boss etter seg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppmodar til å rydda opp

For kort tid sidan blei det fjerna eit gamalt bilvrak som hadde stått på parkeringsplassen i lang tid. No ligg det papp, plastikk, målingsspann og målarutstyr strødd på staden.

– Eg vil oppmoda dei som har rota til å rydda opp etter seg, seier Eidebakken.