Ordførar Marie Bruarøy tok på seg rolla med å slå mynten, som viste at Nils Anders Nøttseter (t.v.) vann over Tone Hepsøe (Ap).
Ordførar Marie Bruarøy tok på seg rolla med å slå mynten, som viste at Nils Anders Nøttseter (t.v.) vann over Tone Hepsøe (Ap).

Slo kron og mynt om Lyseparken-verv

Politikarane vart ikkje einige om kven som skulle sitja i styret for Lyseparken - og avgjorde det heile på ein utradisjonell måte.

I formannskapet tysdag skulle samansetninga av styret for Lyseparken avgjerast. I tillegg til rådmann og næringssjef skulle tre politikarar veljast. Opposisjonen kunne berre få inn ein representant, men problemet var at dei ikkje var blitt einige om kven som skulle veljast inn - trass i fleire timar med diskusjonar på førehand. 

Arbeidarpartiet ville ha Tone Hepsøe (Ap), dei andre opposisjonspartia ville han Nils Anders Nøttseter (MDG).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det litt pinleg dette, men me er ikkje alltid like samansveisa som posisjonen er, sa Jon Sivert Rykel.

Avgjorde med kron og mynt

Det vart bede om gruppemøte. På gangen tydde politikarane til kron og mynt for å avgjera disputten. Nils Anders Nøttseter fiska fram ein mynt, og ordførar Marie Bruarøy knipsa mynten i lufta. Nøttseter valde mynt og Hepsøe valde kron. Det vart mynt, og dermed gjekk MDG av med sigeren. Etter gruppemøtet trekte Ap sin kandidat. som følgje av sjansespelet på gangen.

– Eg synest det er litt synd at opposisjonen ikkje greier å bli einige. At man må gå på gangen for å slå kron og mynt. Men det er to gode kandidatar, og det er eit luksusproblem dette, at me har to så gode kandiatar, sa Bruarøy etterpå.

I tillegg til Nøttseter blei ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Reiertsen valt.