Lilleballong stengde onsdag.
Lilleballong stengde onsdag.

Slutt for Lilleballong

Onsdag meldte Lilleballong at dei må melda oppbod og stengja butikken.

Lilleballong har eksistert i fire år. Dei første åra heldt dei til i Elvebakken, like ved Byvegen, medan dei den siste tida har vore å finna i andre høgda i Drageset-bygget i Os sentrum.

Os og Fusaposten prata med Henning H. Heimdal og Olaug H. Gjelsvik sist veke. Då antyda dei at dei dreiv i ein tøff bransje med små marginar. No viser det seg altså at eigarane har sett seg nøydde til å stengja dørene.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Facebook skriv dei at vinteren har vore særleg tøff.

Her skriv dei også at «våren ikkje blei ikke som den har vore før. Vi i ballongverda opplevde/opplever ein storm av plast- og heliumhysteri rundt ballongane. Med det resultat at dette har påvirka mange av våre kundar, både private og bedrifter som ikkje då vil bruka ballongar. Ved riktig bruk er ikkje ballongane miljøfiendtlege. Med det meiner vi at det skal festast vekt på alle ballongane så dei ikkje flyg sin veg. Og vi har fått dokumentert at det ikkje er fare for noko heliummangel og vi bruker restgass som ikkje kan brukast i MR-maskinar. Desse opplysningane kjem ikkje godt nok fram i media dessverre».

Os og Fusaposten har ikkje lukkast i å koma i kontakt med eigarane i dag.

Os og Fusaposten prata med Henning H. Heimdal og Olaug H. Gjelsvik sist veke. Då antyda dei at dei dreiv i ein tøff bransje med små marginar. No viser det seg altså at eigarane har sett seg nøydde til å stengja dørene.
Os og Fusaposten prata med Henning H. Heimdal og Olaug H. Gjelsvik sist veke. Då antyda dei at dei dreiv i ein tøff bransje med små marginar. No viser det seg altså at eigarane har sett seg nøydde til å stengja dørene.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no