Brannvesenet ettersløkte ei god stund for å sikra seg at det at brannen ikkje blussa opp att.
Brannvesenet ettersløkte ei god stund for å sikra seg at det at brannen ikkje blussa opp att.

Snarrådige naboar hindra spreiing av brann

Då naboane i Hellebakkane såg at det brann i straumkablane, sprang dei til med pulverapparat. Brannsjef Stein Gjøsund takkar naboane som kan ha hindra større grasbrann.

Like før klokka 20 i kveld gjekk alarmen på Os brannstasjon. Meldinga gjekk ut på brann i straumførande kablar i Hellebakkane i Lysefjorden. 

– Då me kom til staden var det opne flammar i stolpen. Det hadde også smelta plast ned på bakken som hadde antent graset. Men grasbrannen var sløkkt av snarrådige naboar som var på pletten med pulverapparat, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han takka naboane som også vart spurt ut om hendingsforløpet av politiet etter at brannvesenet hadde drive med etterslukking.

Kabelfeil

BKK rykte også ut, og fekk skrudd av straumen. BKK-representanten gav følgjande forklaring på det som var skjedd.

- Kabelen er ganske ny, så det har ikkje med alder å gjera. Eg har meir tru på ein kabelfeil. Det er slikt som skjer av og til. Eg veit ikkje meir om årsaka før eg får fjerna restane i morgon, sa han til Os og Fusaposten. 

Nokre naboar var raskt på pletten og hindra større brann.
Nokre naboar var raskt på pletten og hindra større brann.