Den sakna Alexander Holsen vart sist sett av familien sist onsdag.
Den sakna Alexander Holsen vart sist sett av familien sist onsdag.

Søkjer framleis etter Alexander

Os lensmannskontor jobbar framleis med å finna Alexander Holsen. 17 dagar etter forsvinninga søkjer dei framleis aktivt etter 29-åringen i Os.

– Me har ikkje gjeve opp og søkjer framleis aktivt rundt i Os. Torsdag hadde me fem ekvipasjar frå hundepolitiet i Bergen. I dag og utover ettermiddagen skal to ekvipasjar til på leit, seier Morten Haugland ved Os lensmannskontor.

Han legg til at ettersom det no er gått over to veker sidan ein har siste sikre observasjon av mannen, leitar dei no litt på alfarveg i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Holsen vart sist sett i Borgavegen då han var på veg frå ein fest i lag med ein kompis.

– Me har søkt mykje i Prestegardskogen og områda sør for Hesteløypa. Kring Nordmarka og Borgavegen, langs ved Oselva og nedover mot sentrum, og i skogbeltet nedanfor Os vidaregåande skule og vidare bortover mot Ulven, fortel Haugland.

Ber om hjelp

Også Os brann- og redningsteneste har bidrege mykje i søket etter 29-åringen. Nyleg søkte dei både til vanns og til lands langs ved Os hamn.

– På Os lensmannskontor har me gått gjennom den sakna personen sine private eigedeler og prøvd å kartleggja kvar han har brukte å gå og vera. Elles har me lite å gå etter, seier Haugland.

Han ber no publikum om hjelp.

– Me er interesserte i alt frå tips om observasjonar av personen, til funn av klede eller liknande, i områda som me har nemd at me har søkt i, seier Haugland.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no