Kristoffer Østervold skåra kampens einaste mål og blei kåra til banens beste av den lokale juryen.
Kristoffer Østervold skåra kampens einaste mål og blei kåra til banens beste av den lokale juryen.

Solid siger over eit sterkt sunnmørslag

Aalesund 2 stilte med fem frå A-lagstroppen, men Eliteseriespelarane var ingen match for Lysekloster. Ein solid siger då dette Aalesund-laget er blant dei sterkaste laga dei har møtt i år, meinte dei trufaste Lysekloster-supporterane i klubbhuset.

Bortelaget yppa seg frå start og var farlege frampå ved eit par høve, utan at dei skapte mange 100 prosent-sjansar. Edwin Gyazi på høgresida var aktiv, men som resten av bortelaget, mangla også han kvalitet på sluttproduktet. Etter 26 minutt viste Lysekloster-stoppar Mirza Mujcic korleis det skal gjerast. Han tok med seg ballen forbi fleire Aalesund 2-ledd i lange klyv, og kom etter litt om og men til ein avslutning som blei halvvegs blokkert. Ballen landa på vristen til Lyseklosters toppskårar Kristoffer Østervold som på volley klinka ballen ned til venstre for keeper. 1-0 til heimelaget. Resten av omgangen var sjansefattig, bortsett frå ein dobbelsjanse til Lysekloster. Både Armin Pasagic og Stian Dyngelands avslutningar blei blokkerte då keeper var ute av spel, og 1-0 stod seg til pause.

Raudt kort

Etter kvilen styrte heimelaget kampen frå start til slutt. Oppgåva blei enklare då Aalesund 2-back Benjamin Parr klarte å dra på seg to gule kort på tre minutt, og bortelaget måtte spela dei siste 35 minutta med ein mann mindre. Det dei oransje klarte å skapa var eit par avslutningar frå distanse. I andre enden var Lysekloster atskilleg nærare. Denis Ljubovic fekk ein enorm sjanse åtte minutt før slutt. Alt han trong gjera var å vera borti ballen som kom inn frå høgre, men diverre for heimelaget så klarte han ikkje treffa ballen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Held følgje

Fleire av dei trufaste Lysekloster-supporterane i klubbhuset gjekk att og fram og var tydeleg nervøse. Truleg kjende dei meir på det enn spelaren som verka å ha roen, og sigeren var i realiteten aldri i fare. Full jubel var det då dommaren blåste av kampen. Lysekloster held følgje med Brattvåg som vann heile 8-0 mot Fjøra i helga. Munkane er to poeng bak serieleiaren.

Laget som starta: Kjetil Hansen, Kasper Hjørngaard, Denis Ljubovic, Mirza Mujcic, Sigve Rørstad, Espen Birkeland, Joakim Helland, Thorvald Trætteberg, Kristoffer Østervold, Armin Pasagic og Stian Dyngeland.

Innbytarar med speletid: Ken Joar Føyen og Joachim Bjånesøy.

Armin Pasagic fekk sin heimedebut i kveld, og gjorde sine saker bra
Armin Pasagic fekk sin heimedebut i kveld, og gjorde sine saker bra
Vladan Radojkic (skade) og Ole Thomas Herrem (suspensjon) heia fram medspelarane sine frå tribunen.
Vladan Radojkic (skade) og Ole Thomas Herrem (suspensjon) heia fram medspelarane sine frå tribunen.

Målskårar: Kristoffer Østervold 26 min

Raudt kort: Benjamin Paar (Aalesund 2) 56 min