Born, foreldre, besteforeldre, søsken og personale gjekk eller sprang ein runde gjennom Brakabygda.
Born, foreldre, besteforeldre, søsken og personale gjekk eller sprang ein runde gjennom Brakabygda.

Sommarfest og Walk and run i Jettegryto barnehage

Torsdag 31. mai hadde Jettegryto barnehage Sommarfest med «Walk and run» for born, foreldre, besteforeldre og personale.

I bortimot 30 varmegrader stod 110 små og store på startstreken til vår eigen «Walk and run». Born, foreldre, besteforeldre, søsken og personale gjekk eller sprang ein runde gjennom Brakabygda. Det var svært varmt, så saft på drikkestasjonen smakte godt. Dei ivrigaste sprang to rundar!

Etterpå smakte det godt med både saltmat og søtmat frå mange nasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barnehagekoret song så fint om sommar, og at vi er born av same jord. Gjennom aksjonen samla vi inn kr 5.290 til Fusaprosjektet « Hjelp til brannskadde barn i Sør-Etiopia». I mai har barnehagen jobba med dette prosjektet gjennom bilete, forteljing og samtale.

Takk for innsatsen til store og små!

Kjellaug Skage Raunsgard

Styrar

Det var svært varmt, så saft på drikkestasjonen smakte godt.