Erik Vangsnes viste seg som ein svært kunnskapsrik giude. Her i Eikelandsosen.
Erik Vangsnes viste seg som ein svært kunnskapsrik giude. Her i Eikelandsosen.

Sommartur til Fusa for senioruniversitetet i Os

Tilhøva kunne ikkje ha vore betre då Senioruniversitetet i Os la ut på si årlege sommarferd. Måndag 4. juni gjekk turen gjennom Fusa. 70 glade deltakarar fylde opp to bussar. Sola skein, temperaturen var passe og i Fusa fann vi det grønt og blømande over alt.

Etter ferjetur over fjorden vart vi møtt av dei to som skulle leia oss gjennom Fusa denne dagen, kulturleiar Erik Vangsnes og medarbeidaren hans, Johanna Ljones, begge med særs god kjennskap til eigen kommune.

Medan bussane rulla innover mot Eikelandsosen, fekk vi presentert dei ulike stadene vi drog forbi. Fyrst Venjaneset – det «moderne» Fusa, med FRAMO-verksemda sentralt plassert, der det på det meste har vore 600 arbeidsplassar og som no gjev rundt 100 menneske frå Os arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Få visste vel at kaien til FRAMO er ein av kaiane med mest trafikk i heile Hordaland.

Vidare passerte vi bygda Fusa som og har gitt namnet til kommunen. Staden var tidlegare eit viktig sentrum med kyrkjestad og prestebustad. Den eldste prestegarden, Rosenlund, vart teikna av same arkitekt som slottet i Oslo.

Vidare var det i si tid både butikk, bakeri, meieri, bank og forsikringsselskap her. Og kai for fjordbåt og seinare ferje.

Reisefølgjet på veg til Holdhus kyrkje.
Reisefølgjet på veg til Holdhus kyrkje.
På besøk i Sundvor kyrkje.
På besøk i Sundvor kyrkje.
Velkomst på  Engevik gard.
Velkomst på Engevik gard.

No ligg bygda her som ei roleg perle, lik andre bygdelag me kunne gleda oss over på vegen inn til det noverande kommunesenter på Leiro i Eikelandsosen.

Sosialt og kulturelt møtepunkt

Her fekk vi første stopp. Erik Vangsnes leia oss ein runde på det som for ein del år tilbake var sjøbotn, men som no rommar både kontor for kommuneleiing, vidaregåande skule og kjøpesenter - eit kjøpesenter som Vangsnes fortalde var særs viktig som eit sosialt og kulturelt møtepunkt for innbyggjarane i kommunen.

Vandringa førte oss langs hamnepromenaden der fusingane ønskjer seg ei attraktiv båthamn for gjestar, og vidare gjennom det eldre bygdesenteret, Torsnes. Ferda gjekk fram til den store jettegryta som mange tok seg ein tur inn i. Koldalsfossen vart beundra, og historia om elva vart fortald, ei soge om korleis elva la grunnlaget for den første næringsverksemda i osen med småskalaverksemder som kverner, margarinfabrikk og hermetikkfabrikk.

Kvinner til venstre, menn til høgre

Bussane køyrde vidare opp Osaleite på veg mot Hålandsdalen, som eigentleg er eit område av fleire dalstrok. Det var Holdhus kyrkje som var neste mål. Kyrkja som til tider vart bygd og halden ved like som eit spleiselag mellom bøndene, og som i 1870 vart kjøpt av ein lokal bonde då det var fare for å riva ho. Seinare selde bonden kyrkja til Fortidsminneforeningen.

Langs blømande enger vandra forsamlinga ned til og inn i den gamle kyrkja – kvinnene vart bedne om å setja seg til venstre, mennene til høgre i kyrkja, slik skikken var i tidlegare tider. Den fargerike guiden vår grunngav plasseringa med ei rangordning der mennene skulle sitja på sida der ljoset strøymde inn, medan kvinnene som sto lågare i rang, måtte vera nøgde med å sitja i skuggen på den heller mørke sida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Guiden tolka dette på sin måte: Dei sterke kvinnene skulle verna mennene mot dei mørke maktene som kom frå skuggesida.

Staden ved og rundt kyrkja anda av sommar, fred og ro. Vi kunne slått oss til der for dagen eller kanskje ved huset oppå toppen av bakken opp frå kyrkja, det som i si tid hadde vore hotell.

Men forsamlinga skulle vidare, først forbi Hålandsdalen Montessoriskule med sine blå skorsteinar og eit vindauge forma som eit andlet. Det bar ned mot Skogseidvatnet før vegen tok av mot Sævareidfjorden og bygdene vidare sørover, bygder som lenge mangla veg og var heilt avhengige av fjordbåten.

Soga om Engevik

Første staden vi kom til var Sævareid, i 1867 tid bygd opp rundt papp- og kartongfabrikken til Fasmer med over 100 tilsette. Fabrikken var i drift i 110 år, og det var livleg på staden med rundt 1000 busette som og var dei einaste som skipa til 1. maitog i Fusa.

Fleire av husa rundt Sævareid minna om byhus, og vi fekk vita at det var offiserar som i si tid hadde brakt med seg stilen frå byen då dei bygde hus her i tilknyting til offisersgarden Engevik.

Lunsjen venta på Engevik gard. Ditmarsen, eigar i 8. generasjon, ønskte velkomen til gards og fortalde kort om garden si soge frå han i 1729 vart offisersgard og fram til i dag. Husa skein mot oss, hovudhuset i kvitt, dei fleste andre måla i okerfarge. Ditmarsen fortalde at slik tunet sto fram i dag, hadde det og vore på midten av 1800-talet.

Betasuppa vart sett til livs, og kaffi og lefse fekk bein å gå på både hos dei som sat i Drengestova og hos dei i sjøbua. Nokre minutt rundt på tunet vart det og tid til før bussane tok seniorane vidare.

Ei perle av ei kyrkje

Langs fjorden passerte vi no gard etter gard og bygd etter bygd. Erik Vangsnes hadde tydelegvis teke opp i seg arven frå Os-songen - han viste retteleg at han «kjenner kvar gard og kjenner kvar grend». Namn og historier om alle stadene vi passerte flaug lett or munnen. Han kunne fortelja om oppgangstider og nedgangstider, om noverande og tidlegare verksemder, om klyngjetunet Svinastein som vart omdøypt til Solvang og om godt skjulte hyttefelt, idrettsbane langt ute i marka og fine badeplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så vart det ein siste stopp. Denne gongen ved Sundvor kyrkje – ei av dei mange kyrkjene i Fusa. Vi fann her ei kyrkje som synte seg som ei lita perle med ein heilt spesiell dekor. Johanna Ljones kunne fortelja at kyrkja vart bygd i 1927 med stort sett innsamla midlar og sett opp på dugnad. Like ved kyrkja låg den gamle lensmannsgarden der Gjest Bårdsen i 1914 stal eit pengeskrin med 400 dalar. Men han vart teken att utpå fjorden og sett i arrest på lensmannsgarden – så lenge det varte.

No var det ikkje langt att til Tysnes. Brua over Lukksundet som vart opna i 1986, batt saman bygder i Fusa og Tysnes som i lange tider hadde hatt god sosial kontakt, noko som mellom anna førte til mange giftarmål.

Ferja frå Våge tok dei 70 deltakarane attende til heimbygda etter ein strålande dag i det som snart blir ein del av heimkommunen vår, Bjørnafjorden.

Erik Vangsnes var i løpet av dagen inne på kor viktig det er at vi i Fusa og Os blir betre kjende med kvarandre, utover å vitja butikkar og sentra i den andre kommunen. Begge kommunane har noko å læra av kvarandre, og innbyggjarane båe stader vil ha stor nytte av å vitja «andre sida av fjorden» for å gjera seg kjende.

Turen for Os Senioruniversitet gav oss eit godt høve til å vitja og få kjennskap til tilhøva i Fusa, sjølv om det berre var ein liten del av den vakre og vidstrakte kommunen vi kunne rekka å koma oss gjennom på rundt seks timar.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet