annonse

Song til sølv i Praha

Sosialt samvær
Sosialt samvær: I tillegg til mykje song har koret fått tid til sosiale aktivitetar som shopping og sightseeing. (Foto: )
Tradisjonsrik
Tradisjonsrik: Festivalen i Praha er den eldste og mest tradisjonelle festivalen for advents- og julemusikk i Europa. (Foto: )

Os Vocalis imponerte og song til sølv i den internasjonale korfestivalen i Praha i helga.

- Festivalen er i år i sitt 27. år og er dermed den eldste og mest tradisjonelle festivalen for advents- og julemusikk i Europa, fortel Rikke Wallace.

Os Vocalis deltok i kammerkorklassen saman med åtte andre kor fra ulike land i Europa.

Os Vocalis hadde i tillegg til konkurransen, også konsert i St. Martin in the Wall Church og på opninga av julemarknaden på Old Town Square laurdag.

- Der møtte vi også på nokre norske fans som oppmuntra oss, smiler Wallace.

I tillegg til mykje song har koret fått tid til sosiale aktivitetar som shopping og sightseeing og besøk på lokale pubar og restaurantar for å smaka på lokale spesialitetar.

jostein@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.