Søre Neset skal frå neste sesong av stå på eigne bein igjen.
Søre Neset skal frå neste sesong av stå på eigne bein igjen.

Søre Neset satsar igjen

Samarbeidet med Nore Neset er forbi, og frå neste sesong er Søre Neset A-lag i sving igjen.

– Samarbeidet med Nore Neset er avslutta, ja, stadfester leiar i Søre Neset Idrettslag, Bjarte Aarvik.

– I utgangspunktet skulle avtalen reforhandlast etter eitt år. Det er ikkje gjort. Avtalen har berre gått vidare, men no bryt vi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje behov lenger

Aarvik og FFO-leiar Frank Haugland, som har fått i oppgåve å starta opp igjen A-laget, seier at det ikkje lenger er behov for eit samarbeid med naboklubben Nore Neset.

– Dei har eitt godt samarbeid med Lysekloster. Vi ville ikkje trekt oss ut om det hadde krøpla Nore Neset. Vi er store nok til å stå på eigne bein. Ungane fortener lokale heltar, noko som har vore ein mangelvare, då alle A-lagskampane har blitt spelt på Nore Neset, seier Haugland.

At det går bra med idrettslaget, meiner Aarvik at ein kan sjå berre ved å telja talet reklameskilt oppe ved den nye banen.

– Det er godt med reklameskilt, og framleis er ikkje alle komne opp.

Banka på døra

Alt før denne sesongen blei det snakka om å starta opp A-laget.

– Kring nyttår kom det ei gruppe på vel 16 spelarar og banka på døra. Dei ønskte å spela fotball på Søre Neset. Vi fekk ikkje tid til å gjera noko med det. Vi måtte fått tak i trenar og slikt, så vi blei einige om å venta til neste sesong, seier Aarvik.

– Kva for spelarar er det snakk om?

– Det er ein fin miks av rutinerte spelarar, og spelarar med god løpskapasitet, seier Frank og smiler, før han legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men ein ting er kven som seier til meg at dei er interesserte i å vera med. Vi får sjå kven som kjem og betaler kontingent.

Nytt kunstgras

Interessa for fotball på Halhjem verkar vera større enn på lang tid. Det er stor tilflytting til området, og mange tidlegare fotballspelarar er klare for å snøra på seg fotballskoa igjen.

– Det er mange som har spurt om det er tilfelle at vi skal starta lag igjen, men eg har måtta sagt at det kan eg ikkje seia noko om, grunna samarbeidet med Nore Neset. Eg har vore med i Søre Neset i kring 20 år og veit kva som må til for at det skal fungera, seier Haugland.

Det er god rekruttering i klubben.

– Vi er litt få i 2005- og 2006-klassane, så dei må nok hospitera litt om ein annan. Men elles er det om lag 25 spelarar i kvart alderstrinn, seier Aarvik.

Kunstgrasdekket på banen er tolv år gamalt. Klubben har søkt om nytt dekke.

– Forhåpentlegvis er det på plass til sesongen startar, seier Aarvik.

Tribune mellom banane

Mellom den gamle ellevarbanen og den nye sjuarbanen, skal det koma sitjeplassar for publikum. Om lag midt på banen er det sett av eit felt til tribune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vil også bruka det gamle dekket frå banen til å dekka til skråninga mellom banane, seier Aarvik.

Treningane er alt så smått i gang, og Haugland seier at dei som ønskjer det, er velkomne til å ta turen.

– Vi trenar måndag og torsdag klokka 20.00.

Ønskjer fleirbrukshall

Det stoppar ikkje med satsinga på A-laget. Om nokre år har dei forhåpentlegvis ein fleirbrukshall rett ved banen.

– Skissene er levert til Os kommune. Det blir full speleflate i hallen. I tillegg har vi teikna inn klasserom og kjøken til skulen. Dette er eit samarbeid mellom skulen, idrettslaget og kommunen. Det er kommuneval om to år. Her er det mogleg å sanka mange søreneset-røyster for dei som ønskjer det, seier Aarvik og ler.