Sørstatsflagget er ikkje eit leiketøy

Veit dei som brukar dette flagget kva det betyr? Veit dei at folk blir terroriserte og drepne med dette flagget i handa, spør Glenn Erik Haugland.

Lørdag 12. august blei ei kvinne drept og fleire ti-tals menneske såra i ein av dei svartaste dagane i amerikansk historie. Kvite nasjonalistar, sjølverklærte nazistar og Ku Klux Klan demonstrerte ulovleg mot fjerninga av ein statue av General Robert Lee i Charlottesville, Virginia. Rasistane blei møtt av motdemonstrantar og det oppstod valdelege scener.

Sentralt i nazistanes demonstrasjon var det symboltunge sørstatsflagget, også kjent som rebellflagget/konføderasjonsflagget som general Lee nytta seg av i den amerikanske borgerkrigen i kampen for å halde på slaveriet og undertrykkinga av dei svarte. Flagget var aldri noko offisielt flagg, men har dei seinare åra blitt eit politisk symbol for Ku Klux Klan og andre rasistiske hatgrupper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange i Noreg er glade i amerikansk kultur og feirer mellom anna 4. juli. Det må dei gjerne halda fram med. Men når eg ser at det vert veiva med sørstatsflagget på sånne dagar, blir eg forundra.

Veit dei som brukar dette flagget kva det betyr? Veit dei at folk blir terroriserte og drepne med dette flagget i handa?

Veit dei at dette flagget symboliserer det sterkaste rasehatet vi i dag kjenner til, og at dette flagget spelar ei viktig rolle i ei stadig sterkare splitting av USA?

Om nokre år må ein kan henda velja mellom kva del av USA ein vel å feira. Eit samla Amerika - UNITED States of America, - eller heimlandet til slavedrivarane og rasistane.

Glenn Erik Haugland

Born in the USA