Marie Bruarøy trur både regjeringa og landet har stor nytte av at Terje Søviknes held fram som olje- og energiminister. Sjølv gler ho seg til å halda fram med arbeidet kring samanslåinga med Fusa.
Marie Bruarøy trur både regjeringa og landet har stor nytte av at Terje Søviknes held fram som olje- og energiminister. Sjølv gler ho seg til å halda fram med arbeidet kring samanslåinga med Fusa.

Søviknes bekrefta som minister: - Fortener å vera med vidare

– Eg vikarierer gladeleg vidare. Terje er blant landets beste politikarar og fortener å få halda fram som minister, seier Marie Bruarøy.

Klokka 14.00 i dag vart det klart at Terje Søviknes er med vidare i Erna Solbergs regjering. Det medfører at Marie Bruarøy held fram å vikariera for Søviknes som ordførar i Os.

Stortrivst i jobben

Vel eitt år etter at ho trådde til som ordførar-vikar er det altså klart at vikariatet vil vedvara endå ein god stund. Bruarøy har ingen problem med det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trivst veldig godt i jobben og held med glede fram som ordførar. I tillegg unnar eg Terje (Søviknes) av heile mitt hjarta å få halda fram som olje- og energiminister. Han har gjort ein imponerande god jobb og løfta fram næringa på ein svært god måte, seier Bruarøy.

Forlengjer permisjonen

Ettersom Marie i mai kjøpte frisørsalongen der ho jobbar - Syrin og Guri - er det heller ikkje noko problem for frisøren å forlengja permisjonen.

– Det er noko eg kan styra heilt sjølv. Om eg må vera ordførarvikar eitt år til eller endå lenger fram, så går det veldig bra, seier Bruøary.

Ho hadde ikkje prata med Terje då Os & Fusaposten ringde ho onsdag føremiddag.

– Eg har prøvd, men til liks med mange andre fekk eg ikkje fatt i han. Det er nok ikkje så rart i desse dagar, ler Marie.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no