Terje Søviknes og Sigbjørn Framnes toppar lista til Vestland Frp.
Terje Søviknes og Sigbjørn Framnes toppar lista til Vestland Frp.

Søviknes på topp i Vestland FrP

Terje Søviknes vart samrøystes vald som fylkesordførerkandidat under dagens nominasjonsmøte i Vestland FrP.

– Eg er klar, seier Terje Søviknes i ei pressemelding.

Han fortel at blikket har vore retta mot valdagen 9. september sidan han valde å gå av som olje- og energiminister.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Val for oss politikarar er som OL for idrettsutøvarar. Vi jobbar og jobbar i fireårsperioden, og så skal vi opp til eksamen på valdagen. I år skal vi vera i toppform 9.september, seier ein oppglødd Søviknes.

Han legg til at FrPs klare ambisjon ved valet er å bli ein del av eit nytt ikkje-sosialistisk fleirtall i Vestland fylke.

Frp vil ta heile Vestland fylke i bruk, og samferdsle med veg, ferje, snøggbåt, fly og kollektiv vert ei sentral sak.

Fritt skuleval

Fritt skuleval i heile Vestland blir også ei viktig kampsak.

– Her ser vi at dei andre partia no drøftar modellar med mindre geografiske opptaksområde, som vil fråta elever i vidaregåande skule valfridomen i det nye Vestland fylke, seier Søviknes. 

JA-haldning i arealsaker, og næringspolitikk er eit anna satsingsområde for FrP.

– Vestland fylke har store naturressursar, og vi som politikarar må leggja til rette for verdiskaping og arbeidsplassar i regionen. Ikkje minst gjeld dette mitt gamle fagområde olje, gass og fornybar energi, men også havbruk, fiske, landbruk og maritim næring, konkluderer Søviknes.

Stordabu på andre plass

Sigbjørn Framnes frå Stord vart samrøystes vald til andrekandidat. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med lang erfaring frå kollektivbransjen ser eg fram til å jobba med kollektiv-tilbodet i heile Vestland fylke. Vi blir eit stort fylke, og vår jobb er at innbyggjarane kan reisa saumlaust, anten det er jobb- eller fritidsreiser. Buss, ferje, snøggbåt og flytilbod må korrespondere slik at mobiliteten aukar. Det tener både næringslivet og folk flest på, seier Framnes. 

FrPs liste til fylkestingsvalet ser etter nominasjonsmøtet slik ut; 

1.Terje Søviknes (Bjørnafjorden)

2.Sigbjørn Framnes (Stord)

3.Helge Stormoen (Bergen)

4.Rosalind Fosse (Askøy)

5.Frank Willy Djuvik (Kinn)

6.Bjarte Vatnøy (Alver)

Artikkelen held fram under annonsen.

7.Renate Møgster Kleppsvik (Austevoll)

8.Gunnar Bakke (Bergen)

9.Gustav Bahus (Bjørnafjorden)

10.Hogne Bleie (Stad)

11.Anita G. Johannessen (Øygarden)